Kjenner du til ei kunstforeining som har gjennomført eit spesielt interessant prosjekt i 2020 eller til dømes har teke spanande grep for kunstformidling under pandemien? Eller veit du om ei kunstforeining som over tid har gjort ein ekstra viktig innsats for kunstfeltet? Då bør du nominere kunstforeininga til heidersprisen Årets kunstforening!
Utmerkinga vert årleg delt ut av Norske Kunstforeninger til ei kunstforeining som har sett spor etter seg med nyskapande arbeid og gode prosjekt, og som kan vere til inspirasjon for andre kunstforeiningar. Prisen på 30 000 kroner vert delt ut under årsmøtehelga til Norske Kunstforeninger 23.–25. april 2021 i Sandefjord.
Alle kan nominere kunstforeiningar dei synest fortener anerkjenning, og det er også lov å føreslå eiga foreining. I nominasjonen må du grunngje kvifor kunstforeininga fortener prisen, og leggje ved relevant informasjon om kunstforeininga, utstillingsprogram, prosjekt, aktivitetar o.l.
Ny frist for å nominere priskandidatar er 7. februar 2021.
Send nominasjonen til:
post@kunstforeninger.no
eller per post til
Norske Kunstforeninger, Kongens gate 2, 0153 Oslo
Gav pris til framsynt engasjement i lokalmiljøet
Prisen for 2019 gjekk til Kongsvinger Kunstforening. Dei fekk prisen fordi dei over lengre tid har vist stor gjennomføringsevne, vilje og framsyn, som har gjort dei til ein viktig og sjølvsagt aktør i lokalmiljøet.
Juryen vart imponert over korleis foreininga engasjere seg i lokalmiljøet, og klart å tilby nærmiljøet nye perspektiv gjennom kunst. I spanande samarbeid, med blant anna skule, kommune og museum, har kunstforeininga fokusert på kunstnarisk profesjonalitet og heilskapleg programmering – som igjen har gjort dei til attraktive samarbeidspartnarar for kunstnarar.
Frå 2019 til 2021 har kunstforeininga fått stønad av Kulturrådet til ein utstillingstrilogi med geografisk og historisk utgangspunkt Kongsvinger by: Festningen (2019), Elven (2020) og Skogen (2021). Prosjektet har som mål å stimulere til dialog mellom samtidskunst, kunstnarar og lokalsamfunn, skape ny refleksjon rundt kjende stader i Kongsvinger og stille spørsmål ved identitet knytt til historie, samtid og framtid.
– Det er utruleg stas å få denne prisen! Vi føler oss verkeleg verdsett og sett, og det inspirerer til vidare arbeid. Kongsvinger treng denne institusjonen og ei kunstforeining som kan drive på det nivået vi gjer no, sa styreleiar Benedikte Jansen under utdelinga av prisen.
Dei siste årene har følgjande kunstforeiningar motteke prisen:
2019: Kongsvinger Kunstforening
2018: Høyanger Kunstlag og Kongsberg Kunstforening
2017: Toten Kunstforening
2016: Levanger Kunstforening
2015: Sandefjord Kunstforening
2014: Kunsthall Grenland
2013: Kunsthall Stavanger
2012: Bømlo Kunstlag
2011: Voss Kunstlag
2010: Tysvær Kunstlag
Statuttane for Årets Kunstforening
- Årets kunstforening og de prosjektene som belønnes, skal være til inspirasjon og etterfølgelse for andre kunstforeninger.
- Prisen Årets kunstforening skal deles ut en gang i året på Norske Kunstforeningers årsmøte.
- Prisen skal gå til en norsk kunstforening som i løpet av foregående år har utmerket seg – enten på grunn av et enkeltprosjekt eller som over tid har markert seg som særlig aktiv og/eller synlig (fantasifull/kreativ/utradisjonell) på kunstscenen eller i kulturlivet.
- I utvelgelsen av kandidatene skal det tas hensyn til at størrelse og andre forutsetninger er svært ulike blant norske kunstforeninger. Kandidatene må derfor vurderes ut fra sine egne forutsetninger.
- Kunstforeningene oppfordres til å sende inn begrunnede forslag på kandidater til Årets kunstforening innen 31. desember hvert år. En kunstforening kan nominere seg selv. Juryen kan nominere egne kandidater.
- Jury for Årets kunstforening er styret i Norske Kunstforeninger.
- Juryen begrunner sin avgjørelse.