Kongsvinger festning, i våpenarsenalet (det gule bygget) er det planar om utstillingslokale for Kongsvinger Kunstforening. Foto: Anne-Grethe Thoresen/Norske Kunstforeninger

Problemstillinga er kjent i alle kunstforeiningar og kunstlag: Korleis skal vi få inn pengar til å få drifta til å gå rundt? I ein kunstmarknad der kommersielle galleri tek ein stor del av salsinntektene, er det ikkje lenger opplagt at kunstforeiningane kan rekne med å finansiere drifta berre med kunstsal. Mange kommunar har ein trong økonomi, og ein kan ofte ikkje vente store tilskot derifrå.

Heldigvis finst det fleire stiftingar og fond ein kan søkje stønad frå. Kulturrådet har fleire ulike stønadsordningar for visuell kunst, som kunstforeiningane kan søkje. I tillegg finst det mellom anna ulike sparebankstiftingar som dekkjer ulike regionar, og andre typar fond som deler ut midlar til kulturformål og frivillige organisasjonar.

Det siste året har mange kunstforeiningar fått god utteljing på søknadene sine. Her presenterer vi nokre av prosjekta som har fått stønad, i håp om at det kan vere til inspirasjon for andre. Oversikta viser at også kunstforeiningar som er basert på frivillig arbeid hevdar seg bra i kampen om stønad, dersom dei har eit gjennomtenkt prosjekt og skriv ein god søknad. I nokre av prosjekta som vert omtalt her, har kunstforeiningane bede om hjelp frå Norske Kunstforeninger til prosjektutvikling og søknadsskriving. Ta gjerne kontakt med rådgjevar Anne-Grethe Thoresen dersom de har eit prosjekt på gang, men treng innspel til korleis søknaden best kan utformast.

Oppgraderingar av galleri i Ørsta

Volda og Ørsta kunstlag held til i eit kunsthus i sentrum av Ørsta, og er den einaste staden for visning av samtidskunst i området. Dei har ei samling verk av kunstnaren Olav Strømme, og ynskjer no å etablere eit permanent galleri for kunsten hans i andre etasje av bygget. Lokala skal ha ein fleirbruksfunksjon, slik at dei også kan nyttast til ulike aktivitetar som verkstader for barn og vaksne, føredrag og debattar. I første etasje har dei skiftande utstillingar av samtidskunst. Det permanente galleriet er eit ledd i å skape eit levande og relevant møtepunkt for kunst- og kulturinteresserte, uansett alder.

For å finansiere oppgraderinga av utstillingslokala, har dei søkt fleire instansar om tilskot. Så langt har det største tilskotet kome frå Kulturrådet si ordning Rom for kunst, med ei løyving på 106 000 kroner. I tillegg har dei fått 20 000 kroner frå Ørsta kommune og 70 000 kroner frå Sparebank1 Søre Sunnmøre. Dei ventar på svar på søknad til Møre og Romsdal fylkeskommune, der dei har søkt om 230 000 kroner frå ordninga med spelemidlar til kulturbygg. Totalt har ombygginga ei kostnadsramme på 705 000 kroner, og i tillegg til dugnadsinnsats og gåver, har dei fått kommunal garanti for utviding av eit eksisterande lån.

Kunsthuset ligg sentralt i Ørsta, og Volda og Ørsta kunstlag ynskjer no å innreie eit permanent galleri for Olav Strømme i 2. etasje.

Stønad til utstillingsprogrammet

I programmet Kongsberg Kunstforening hadde lagt for 2018 var natur og miljø ein felles traud tråd gjennom utstillingane. Utstillingane reflekterer over fleire forhold til natur og landskap. Dei gjev mellom anna innsyn i naturen som tilfluktsstad og slagmark, natur som er i ferd med å forsvinne, idealet om urørt natur, sykliske forhold og motsetnader mellom menneske. Kunstnarane Anne Stabell, Johannes Vermren Rygh, Gunvor Nervold Antonsen, Peter Dean, Oscar Hagbard og Charlotte Rostad arbeider med svært like uttrykk og teknikkar, noko som gjev ei breidde i den kunstnariske tilnærminga til tematikken.

Kongsberg Kunstforening søkte prosjektstønad frå Kulturrådet til utstillingsprogrammet for 2018 under eitt, og mottok 50 000 i tilskot.

Også Sandefjord Kunstforening har søkt om prosjektstønad frå Kulturrådet for programmet sitt for 2018. Dei mottok 140 000 kroner, og dei hadde i søknaden sin lagt vekt på at stønad ville gjere det mogleg å betale honorar til kunstnarar, og utvide arbeidet med produksjon og formidling av utstillingane.

Det er sjølvsagt også mogleg å søkje Kulturrådet om prosjektstønad til enkeltprosjekt. I fjor fekk til dømes Alta Kunstforening 60 000 kroner i prosjektstønad til ei jubileumsutstilling med Svein Flygari Johansen. I siste tildelingrunde for prosjektstønad fekk Bodø Kunstforening 40 000 kroner i stønad til den komande utstillinga med Mattias Härenstam.

Tekstilverket Veholtheika av Anne Stabell, vist i utstillinga «Den langsomme veien gjennom skogen og hjem» i Kongsberg Kunstforening i 2018. Foto: Stina Glømmi

Nytt utstillingslokale og gjestekurator i Kongsvinger

På Kongsvinger festning er det planar om å setje i stand det gamle våpenarsenalet til eit fleirbrukshus for kunst og kultur. Bygget skal romme to store utstillingsrom, verkstader for grafikk, og eit atelier/workshoprom. Tanken er at Kongsvinger Kunstforening skal få ein langvarig leigeavtale i arsenalet, ved at dei er med på å skaffe midlar til ombygginga. Leigeavtalen skal gjelde for sommarhalvåret, og det er planlagt to utstillingar kvar sesong, med formidling, kurs, føredrag og workshopar m.m. Utstillingane skal kuraterast av gjestekuratorar, som har avtalar for 2–3 år. Resten av drifta skal Kongsvinger Kunstforening stå for.

Til no har Kongsvinger Kunstforening motteke 70 000 kroner frå Kulturrådet si ordning Rom for kunst, som skal gå til planlegging og utarbeiding av byggjeprosjektet. Kongsvinger kommune har gjeve tilsegn om 125 000 kroner som vert utløyst når resten av finansieringa er på plass. Dei har også fått tilskot frå Kulturrådet til gjesteopphaldsstønad for kurator Helga-Marie Nordby, på til saman 210 000 kroner for åra 2018 og 2019. Sjølv om ombygginga av utstillingslokala ikkje er i gang enno, ynskjer dei å vise at festinga har eit potensiale som kunstarena, ved allereie frå neste sommar ta i bruk staden til utstillingar.

Eitt av romma som er tenkt brukt som utstillingslokale for Kongsvinger Kunstforening. Foto: Anne-Grethe Thoresen/Norske Kunstforeninger

Prosjekstønad til lys og teknisk utstyr

Fleire sparebankstiftingar gjev stønad til ulike tiltak som kjem lokalsamfunna til gode, her er det ofte mogleg å både søkje stønad til kunstprosjekt og til oppgradering av utstillingslokala. Det siste året har til dømes Sparebankstiftelsen DNB gjeve stønad til fleire kunstforeiningar: Bærum Kunstforening 200 000 kroner til lysutstyr, Nesodden Kunstforening 110 000 kroner til lysutstyr, Asker Kunstforening 40 000 kroner til projektor og digitalt utstyr og Fet Kunstforening 9000 kroner til PC og skrivar. Sparebankstiftelsen DNB støttar berre tiltak på Austlandet, men det finst mange andre regionale sparebankstiftingar. Til dømes fekk Øksnes Kunstforening nyleg 20 000 kroner frå Sparebankstiftelsen Harstad Sparebank til oppussing av utstillingslokala sine.

Fylkeskommunal stønad til ungdomsprosjekt

I 2017 starta Norske Kunstforeninger opp NåDa, eit prosjekt om samtidskunst og kulturarv for ungdom i alderen 12–18 år. Gjennom aktiv deltaking skal ungdommar i samarbeid med ein biletkunstnar skape kunstprosjekt med utgangspunkt i lokale kulturminne. NåDa består av prosjekt i 10 kunstlag landet rundt, og går over perioden 2017–2019. Prosjektet er gjort mogleg gjennom ei nasjonal gåve frå Sparebankstiftelsen DNB.

Sjølv om dei ti kunstforeiningane som deltar har fått ei grunnfinansiering frå på 100 000 kroner kvar, har dei fleste klart å skaffe solide ekstrainntekter. Til no har mellom anna fylkeskommunane i Nordland, Østfold, Hordaland og Møre og Romsdal alle støtta lokale NåDa-prosjekt, med summar på 20–30 000 kroner. Møre og Romsdal fylkeskommune grunngav tildelinga med at prosjektet har eit regionalt nedslagsfelt, er nyskapande og utviklingsretta, og har overføringsverdi. Mange har også fått stønad frå kommunen dei held til i, og frå lokale/regionale bankar og sparebankstiftingar.