Workshop i tresnitt med Cathrine Dahl og Ørjan Aas under kunstfestivalen Avtrykk i Haugesund 2019.

I mai 2019 fekk publikum på kunstfestivalen Avtrykk i Haugesund moglegheit til å sjølve vere aktive deltakarar, i ei utforsking av trykket som kunstnarisk medium. Kanskje er det dykkar tur til å vere vertskap neste gong? Interesserte kunstforeiningar kan søkje om å arrangere kunstfestival i 2022. Søknadsfristen er 15. januar 2020.

Til no har kunstfestivalen vorte arrangert av ei lokal kunstforeining annakvart år, i tilknyting til årsmøtet til Norske Kunstforeninger. Styret i Norske Kunstforeninger har vedteke å endre dette til at festivalen berre skal gjennomførast tredjekvart år. Årsaka til endringa er at kunstforeininga som vert tildelt festivalen skal få betre tid til planlegging, programmering og innhenting av ekstern finansiering. Neste festival vert dermed lagt til våren 2022.

Dei siste åra har det vore svært få kunstforeiningar som har søkt om å få arrangere kunstfestivalen. Norske Kunstforeninger håper at seinare søknadsfrist og meir tid til gjennomføring, kan føre til at fleire kunstforeiningar får tid til å utarbeide gjennomtenkte konsept til kunstfestivalen, som er godt forankra i eiga foreining og lokalmiljø.

Kunstfestivalen gjev lokale kunstforeiningar ei unik moglegheit til å markere seg på kunstkartet. Kunstforeininga står fritt i val av tema, program og arrangement, men vanlege programpostar er til dømes utstillingar, kunstnarsamtalar og fagseminar. Arbeidet med festivalen vil gje kompetanse i planlegging, utvikling og gjennomføring av større prosjekt. Sjølv om Norske Kunstforeninger bidreg med rådgjeving undervegs, har den lokale kunstforeininga hovudansvar for arrangementet. Det er viktig at ein tilpassar programmet til eigne ressursar og lokale tilhøve – det er ikkje noko mål at festivalen skal overgå den føregånde i omfang og budsjett.

Byvandring med utstillingsopningar under kunstfestivalen Avtrykk i Haugesund mai 2019.

Søkjeprosess og økonomi

Norske Kunstforeninger gjev 175 000 kroner til festivalarrangøren, resten av midlane må kunstforeininga skaffe sjølv. Totalkostnaden for festivalen vil variere alt etter kor omfattande program ein legg opp til. Finansieringa treng ikkje vere på plass når ein søkjer, men ein må leggje ved ein realistisk plan for korleis festivalen kan finansierast.

Søknaden må innehalde:

  • Tema/prosjektskildring for festivalen
  • Programskisse (utstillingar, kunstnarsamtalar, seminar, workshopar o.l.)
  • Utkast til budsjett/finansieringsplan
  • Hotell- og konferansekapasitet (minimum overnattingskapasitet til 100 personar)
  • Informasjon om eventuelle samarbeidspartnarar (lokalt, regionalt og nasjonalt)
  • Informasjon om transportmoglegheiter
  • Ynskt helg for festivalen (våren 2022, innan 15. juni)
  • Informasjon om eventuelle andre kulturtilbod ein kan knyte opp til festivalen

Kontakt oss gjerne dersom de har spørsmål knytt til søknaden! Søknaden sender de til Norske Kunstforeninger, Kongens gate 2, 0153 Oslo eller på e-post til susanne.svenseid@kunstforeninger.no

Søknadsfrist 15. januar 2020

Styret i Norske Kunstforeninger handsamar søknadene på styremøtet i februar 2020, og kven som er vald som arrangør vil verte offentleggjort kort tid etter. Frå positivt tilslag til gjennomføring har dermed kunstforeininga om lag 2 ½ år på seg til å planleggje festivalen og skaffe finansiering.

Tidlegare festivalar: