Har kunstforeininga avlyst utstillingar som følgje av koronapandemien? Då kan de har krav på kompensasjon.

Har de tapt inntekter fordi de måtte avlyse utstillingar eller arrangement på grunn av pålegg frå styresmaktene i samband med korona-pandemien? Då kan de søkje om å få kompensert inntektsbortfallet gjennom krisepakke 3 for frivillige lag og organisasjonar. Søknadsfristen er 15. januar 2021.

Berre 11 kunstforeiningar søkte om kompensasjon frå krisepakke 2. Desse kunstforeiningane fekk mellom 17 500 kroner og 84 000 kroner i kompensasjon. Det tyder at det er mange kunstforeiningar som framleis har pengar å hente ved å sende inn ein søknad!

Kompenserer bortfall av provisjon og leigeinntekter

For dei fleste kunstforeiningar er det sannsynlegvis mest aktuelt å søkje om kompensasjon av provisjons-/salsinntekter frå avlyste utstillingar, billettinntekter eller deltakaravgifter til kurs. Dersom kunstforeininga har eit lokale som de leiger ut til andre, så kan de også søkje kompensasjon for bortfall av leigeinntekter.

For kvart avlyste arrangement må de setje opp eit budsjett for forventa inntekter og kostnader. De må altså ha eit estimat på provisjons-/salsinntekter for kvar enkelt utstilling. Det kan vere vanskeleg å forutsjå salsinntekter, og det beste er difor å rekne ut eit snitt for salsinntektene for liknande utstillingar som de har gjennomført, og bruke snittet som forventa inntekt. Denne utrekninga treng de ikkje leggje ved søknaden, men de må ha den tilgjengleg dersom Lotteritilsynet i ettertid ber om dokumentasjon.

Kostnader som forsvann på grunn av avlysinga må trekkjast frå søknadssummen. Dersom de til dømes berre leiger lokale berre for utstillingsperioden, og slapp å betale leige fordi utstillinga vart avlyst, skal dette trekjast frå. Har de derimot faste lokale, der dei har betalt leige i denne perioden, så skal ein ikkje gjere fråtrekk for dette.

På nettsida til Lotteritilsynet finn de eksempel på korleis budsjett kan setjast opp, og nærare forklaring på kva som skal trekkjast frå.

Kan få opp mot 70 % kompensasjon

De kan søkje for kompensasjon for avlyste arrangement i perioden 12. mars–31. desember 2020. Samla i perioden må de ha hatt eit inntektstap på minimum 25 000 kroner for å kunne søkje. Dersom søknaden vert godkjent vil ein få kompensert 70 prosent av beløpet for perioden 12. mars–1. november, medan det for 1. november–31. desember vil vere berre 50 prosent kompensasjon for avlyste arrangement. Dersom ein i staden for å avlyse, har valt å gjennomføre arrangement, men har tap som skuldast til dømes grense for tal på deltakarar, kan ein søkje om 70 prosent kompensasjon.

Alle søkjarar må vere registrert i Frivilligregisteret. Organisasjonar som mottek 60 % eller meir av inntektene sine frå offentlege tilskot kan ikkje søkje.

Stimuleringsordning for billetterte arrangement

Kunstforeiningar kan også søkje om tilskot frå stimuleringsordninga for kulturlivet via Kulturrådet. Tidlegare kunne ikkje organisasjonar registrert i Frivilligregisteret søkje om korona-tilskot frå Kulturrådet, men dette er endra for den nye stimuleringsordninga.

Merk at ein via denne ordninga berre kan søkje om tilskot for billetterte arrangement, og som vert gjennomført med tap grunna korona-restriksjonar. For avlyste arrangement må ein søkje via krisepakke 3 for frivilligheita. Ein kan heller ikkje søkje stønad frå begge ordningane til same arrangement. Søknadsfristen for stimuleringsordninga er 1. desember 2020.

RÃ¥d om smittervern for frivillige organisasjonar

Skal de gjennomføre arrangement i tida framover? Då kan de finne gode råd om korleis de best mogleg kan gjennomføre aktiviteten i tråd med smittevernsreglane, i ein rettleiar utarbeidd av Frivillighet Norge og Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU).

Open og inkluderande frivilligheit er eit er godt prinsipp, også no. Med utgangspunkt i gjeldande råd og anbefalingar om smittevern, kan dei fleste frivillige organisasjonar gjennomføre dei mesteparten av aktivitetane sine. Men kvar enkelt organisasjon må sjølvsagt gjere individuelle vurderingar av kva tiltak som må til for å ivareta ei trygg og god oppleving for dei frivillige og publikum.