Alle aktive medlemsforeiningar i Norske Kunstforeninger kan søkje om stønad til mellom anna føredrag, utstillingar, formidlingstiltak, oppgradering av utstillingslokale og frakt av kunst. Norske Kunstforeninger har to faste søknadsfristar: 1. mai for tiltak i juli–desember same år og 1. november for tiltak som har oppstart i januar–juni påfølgjande år. Det er ikkje mogleg å søkje om stønad til utstillingar eller tiltak som allereie er gjennomført.
1. november 2018 er søknadsfrist for tiltak som har oppstart i perioden 1. januar–30. juni 2019.
Til utstillingar kan ein søkje om fraktstønad, som er eit tilskot som dekkjer transport av kunst til og frå utstillingslokalet. Merk at vi berre gjev stønad til utstillingar og prosjekt med profesjonelle, nolevande kunstnarar. Kunstforeiningar som har planar om føredrag, seminar, kunstnarsamtalar, formidlingsopplegg eller utstillingar som krev ein ekstra innsats, kan i tillegg søkje om prosjektstønad. Viss de treng tips til aktuelle føredragshaldarar, så finn de nokre anbefalingar på nettsida vår.
Dersom de treng å pusse opp utstillingslokala, treng lysutstyr eller projektor til videokunst, kan de søkje om utstyrstønad. Til større ombyggingsprosjekt eller oppgraderingar oppmodar vi til å søkje stønad frå Kulturrådet si stønadsordning Rom for kunst, sidan vår stønadspott er ganske liten.
Ver merksam på at Norske Kunstforeninger ikkje fullfinansierer prosjekt eller utstillingar, og at vi difor ventar at kunstforeiningane også søkjer stønad frå andre kjelder. Naturlege søknadsinstansar er kommune, fylkeskommune, lokale/regionale sparebankstiftingar, Fritt Ord og Kulturrådet. Om de treng inspirasjon til korleis ein kan skaffe stønad, og til kva type prosjekt, må de gjerne ta ein kikk på desse gode døma frå kunstforeiningar som har lukkast med stønadssøknadene sine.
Søknadsskjema og rettleiing
Søknadsskjema med rettleiing om utfylling av søknad og vilkår for stønad, lastar de ned frå nettsida vår. Behandlingstida for søknader er normalt 4–6 uker frå søknadsfristen. Dersom de har spørsmål til dei ulike stønadsordningane eller søknadsprosessen, kan de kontakte rådgjevar/sakshandsamar Anne-Grethe Thoresen på telefon 22 42 20 35 eller e-post anne-grethe.thoresen@kunstforeninger.no
Meir informasjon: Stønadsordningar og søknadsskjema