Alle aktive medlemsforeiningar i Norske Kunstforeninger kan søkje om stønad til mellom anna føredrag, utstillingar, formidlingstiltak, oppgradering av utstillingslokale og frakt av kunst.

Norske Kunstforeninger har to faste søknadsfristar: 1. mai for tiltak i juli–desember same år og 1. november for tiltak som har oppstart i januar–juni påfølgjande år. Det er ikkje mogleg å søkje om stønad til utstillingar eller tiltak som allereie er gjennomført.

1. mai 2018 er søknadsfrist for tiltak som har oppstart i perioden 1. juli–31. desember 2018.

Til utstillingar kan ein søkje om fraktstønad, som er eit tilskot som dekkjer transport av kunst til og frå utstillingslokalet. Merk at vi berre gjev stønad til utstillingar og prosjekt med profesjonelle, nolevande kunstnarar. Kunstforeiningar som har planar om føredrag, seminar, kunstnarsamtalar, formidlingsopplegg eller utstillingar som krev ein ekstra innsats, kan i tillegg søkje om prosjektstønad. Viss de treng tips til aktuelle føredragshaldarar, så finn de nokre anbefalingar på nettsida vår.

Dersom de treng å pusse opp utstillingslokala, treng lysutstyr eller projektor til videokunst, kan de søkje om utstyrstønad. Til større ombyggingsprosjekt eller oppgraderingar oppmodar vi til å søkje stønad frå Kulturrådet si stønadsordning Rom for kunst, sidan vår stønadspott er ganske liten.

Ver merksam på at Norske Kunstforeninger ikkje fullfinansierer prosjekt eller utstillingar, og at vi difor ventar at kunstforeiningane også søkjer stønad frå andre kjelder. Naturlege søknadsinstansar er kommune, fylkeskommune, lokale/regionale sparebankstiftingar, Fritt Ord og Kulturrådet.

Meir informasjon: Stønad frå fond og stiftingar

Søknadsskjema og rettleiing

I 2017 vart alle søknadsskjema og praksis ved utbetaling av stønad revidert. Til kvart skjema ligg det ved ei rettleiing med informasjon om vilkår for stønad, og hjelp til korleis ein skal fylle ut søknaden. Dersom de har spørsmål til stønadsordningane eller søknadsprosessen kan de kontakte rådgjevar/sakshandsamar Anne-Grethe Thoresen på telefon 22 42 20 35 eller e-post anne-grethe.thoresen@kunstforeninger.no

Meir informasjon: Stønadsordningar og søknadsskjema