Alle aktive medlemsforeiningar i Norske Kunstforeninger kan søkje om stønad til mellom anna føredrag, utstillingar, formidlingstiltak, oppgradering av utstillingslokale og frakt av kunst. Stønadsordningane skal medverke til at kunstforeiningar over heile landet kan vise eit breitt spekter av profesjonell samtidskunst, og styrke kunstforeiningane sin posisjon som visingsstader for samtidskunst. All stønad vert tildelt etter faglege vurderingar, men det vert også teke omsyn til kunstforeiningane sine ulike føresetnader.
Vi har to faste søknadsfristar: 1. mai for tiltak i juli–desember same år og 1. november for tiltak som har oppstart i januar–juni påfølgjande år. Det er ikkje mogleg å søkje om stønad til utstillingar eller tiltak som allereie er gjennomført.
1. mai 2019 er søknadsfrist for tiltak som har oppstart i perioden 1. juli–31. desember 2019.
Til utstillingar kan ein søkje om fraktstønad, som er eit tilskot som dekkjer transport av kunst til og frå utstillingslokalet. Merk at vi berre gjev stønad til utstillingar og prosjekt med profesjonelle, nolevande kunstnarar. Kunstforeiningar som har planar om føredrag, seminar, kunstnarsamtalar, formidlingsopplegg eller utstillingar som krev ein ekstra innsats, kan i tillegg søkje om prosjektstønad.
Dersom de treng å pusse opp utstillingslokala, treng lysutstyr eller projektor til videokunst, kan de søkje om utstyrstønad. Til større ombyggingsprosjekt eller oppgraderingar oppmodar vi til å søkje stønad frå Kulturrådet si stønadsordning Rom for kunst, sidan vår stønadspott er ganske liten.
Norske Kunstforeninger har ikkje nok midlar til å fullfinansiere prosjekt eller utstillingar, og at vi ventar difor at kunstforeiningane også søkjer stønad frå andre kjelder. Naturlege søknadsinstansar er kommune, fylkeskommune, lokale/regionale sparebankstiftingar, Fritt Ord og Kulturrådet. Om de treng inspirasjon til kva type prosjekt ein kan få stønad til, kan de ta ein kikk på desse gode døma frå kunstforeiningar som har lukkast med stønadssøknadene sine.
Søknadsskjema og rettleiing
Søknadsskjema med rettleiing om utfylling av søknad og vilkår for stønad, lastar de ned frå nettsida vår. Behandlingstida for søknader er normalt 4–6 uker frå søknadsfristen. Dersom de har spørsmål til dei ulike stønadsordningane eller søknadsprosessen, kan de kontakte rådgjevar/sakshandsamar Anne-Grethe Thoresen på telefon 22 42 20 35 eller e-post anne-grethe.thoresen@kunstforeninger.no
Meir informasjon: Søk stønad – informasjon og søknadsskjema