Flora Kunstlag mottok prosjektstønad til Kunst for kidz 2017. «På dypt vann» av Pippip Ferner, var noko av det ein kunne sjå på utstillinga. Ferner hadde også workshop for skuleelevar, med havforsøpling som tema. Foto: Malin Brandsøy

Alle aktive medlemsforeiningar i Norske Kunstforeninger kan søkje om stønad til mellom anna føredrag, utstillingar, formidlingstiltak, oppgradering av utstillingslokale og frakt av kunst.

Norske Kunstforeninger har to faste søknadsfristar: 1. mai for tiltak i juli–desember same år og 1. november for tiltak som har oppstart i januar–juni påfølgjande år. Det er ikkje mogleg å søkje om stønad til utstillingar eller tiltak som allereie er gjennomført.

1. november 2017 er søknadsfrist for tiltak som har oppstart i perioden 1. januar–30. juni 2018.

Til utstillingar kan ein søkje om fraktstønad, som er eit tilskot som dekkjer transport av kunst til og frå utstillingslokalet. Kunstforeiningar som har planar om føredrag, seminar, kunstnarsamtalar, formidlingsopplegg eller utstillingar som krev ein ekstra innsats, kan i tillegg søkje om prosjektstønad. Merk at vi berre gjev stønad til utstillingar og prosjekt med profesjonelle, nolevande kunstnarar.

Dersom de treng å pusse opp utstillingslokala, treng lysutstyr eller projektor til videokunst, kan de søkje om utstyrstønad. Til større ombyggingsprosjekt eller oppgraderingar oppmodar vi til å søkje stønad frå Kulturrådet si stønadsordning Rom for kunst, sidan vår stønadspott er ganske liten.

Ver merksam på at Norske Kunstforeninger ikkje fullfinansierer prosjekt eller utstillingar, og at vi difor ventar at kunstforeiningane også søkjer stønad frå andre kjelder. Naturlege søknadsinstansar er kommune, fylkeskommune, lokale/regionale sparebankstiftingar, Fritt Ord og Kulturrådet.

Meir informasjon: Stønad frå fond og stiftingar

Søknadsskjema og rettleiing

I 2017 har Norske Kunstforeninger gått gjennom og revidert alle søknadsskjema og praksis ved utsbetaling av stønad. Til kvart skjema ligg det ved ei rettleiing med informasjon om vilkår for stønad, og hjelp til korleis ein skal fylle ut søknaden.

Dersom de har spørsmål til stønadsordningane eller søknadsprosessen kan de kontakte rådgjevar/sakshandsamar Anne-Grethe Thoresen på telefon 22 42 20 35 eller e-post anne-grethe.thoresen@kunstforeninger.no

Meir informasjon: Stønadsordningar og søknadsskjema