Totalt deler Norske Kunstforeninger ut ca 1 million kroner i stønad kvart år. I første søknadsrunde 2018 mottok Mandal Kunstforening fraktstønad til utstillinga Coexistence av Tom S. Kosmo. Foto: Mandal Kunstforening.

Innan søknadsfristen 1. mai søkte kunstforeiningane Norske Kunstforeninger om 1,7 millionar kroner i frakt-, prosjekt- og utstyrstønad. Totalt har vi motteke 120 søknader, og av desse er 93 tildelt stønad på i alt 506 200 kroner. Stønaden som er delt ut i denne søknadsrunden gjeld prosjekt som har oppstart i andre halvår 2018.

Av midlane går 190 000 kroner til 24 prosjektsøknader, 235 200 kroner i fraktstønad til 64 utstillingar og 81 000 kroner til oppussing og teknisk utstyr i 5 kunstforeiningar. Lister over alle tildelingane ligg tilgjengeleg for nedlasting nedst på sida.

Frakt Prosjekt Utstyr Sum
Tal på søknader: 73 34 13 120
Innvilga søknader: 64 24 5 93
Total søknadssum: 632 393 664 790 402 869 1 700 052
Totalt tildelt: 235 200 190 000 81 000 506 200

Kriterium for tildeling av stønad

All stønad vert tildelt etter faglege vurderingar, og kor viktig prosjektet er for kunstforeininga. I løyvingane tek vi omsyn til tildelt stønad dei siste søknadsrundane, og tildelingar av annan stønad i denne runden. Tilskota skal også sikre ei viss geografisk spreiing og ein balanse mellom større og mindre kunstforeiningar. Årsak til avslag kan også vere at søknadene ikkje oppfyller kravet om at alle kunstnarane må vere profesjonelle, at søknaden kom inn etter fristen, eller at påkravd dokumentasjon ikkje er lagt ved.

Fraktstønaden vert fordelt så demokratisk som mogleg på dei som oppfyller søknadskriteria. Potten med prosjektstønad er ikkje så stor, og difor vil det diverre alltid vere slik at nokre gode prosjekt får avslag.

Ved søknad om utstyrstønad, er det ofte snakk om store investeringar, til dømes ved utskifting av lysutstyr. Difor prioriterer vi nokre få om gongen, slik at dei kan få gjennomført tiltaket. Dersom de har fått avslag på utstyrstønad i denne runden, kan de gjerne søkje på nytt til neste runde. Til større investeringar rår vi dykk dessutan om å søkje stønad frå Kulturrådet si stønadsordning Rom for kunst, i tillegg til kommune, fylkeskommune og stiftingar. Kontakt gjerne rådgjevar Anne-Grethe Thoresen dersom de treng innspel til korleis slike søknader kan utformast.

Praktisk informasjon

Vedtaksbreva vert postlagt seinast 22. juni. Merk at berre tiltak som er tildelt stønad vil få svarbrev i posten.

Når de har motteke stønad frå Norske Kunstforeninger skal dette synleggjerast i digitalt og trykt materiell (plakatar, brosjyrar, på nettsider etc.). Logoen til Norske Kunstforeninger kan lastast ned frå nettsidene våre. Hugs også å dokumentere utstillinga, prosjektet eller oppussinga; tre digitale foto skal sendast inn saman med kravet om utbetaling av stønad. Eit utval av tiltaka vil i etterkant verte presentert på nettsidene våre.

Stønaden vert utbetalt etter at tiltaket er gjennomført, ved at kunstforeininga sender inn utbetalingsskjema med dokumentasjon. Utbetalingsskjema skal sendast inn seinast to månader etter at prosjektet/utstillinga er avslutta.

Neste søknadsfrist er 1. november 2018, og gjeld utstillingar, tiltak og arrangement med oppstart i perioden januar–juni 2019.

Spørsmål om søknader, tildelingar og avslag kan rettast til Anne-Grethe Thoresen på anne-grethe.thoresen@kunstforeninger.no eller telefon 22 42 20 35.