Heimdal Kunstforening har i perioden 2014–2017 arbeidd med prosjektet Tatt av Heimdal i samarbeid med kurator Helga-Marie Nordby. No som prosjektet er avslutta, ser kunstforeininga tilbake på eit nyttig samarbeid, som har gjeve positive effektar både i lokalmiljøet, posisjonen på kunstscena og som har resultert i auka økonomisk tilskot. Tatt av Heimdal var ein del av Norske Kunstforeninger sitt program Kurator i kunstforeningen, der føremålet er å heve kompetansen innan utstillingsarbeid og prosjektutvikling.
– Sjølv om kunstforeininga til tider har opplevd at Tatt av Heimdal har vore krevjande og utfordrande, med mykje arbeid, lite betalt og bratt læringskurve, har følgjene av prosjektet ikkje vore anna enn positive. Heimdal Kunstforening opplever at vi har fått nasjonal anerkjenning som ein profesjonell, leiken og eksperimenterande institusjon, og merkar auka publikumsbesøk og større interesse frå profesjonelle kunstnarar, seier Øyvind Kvarme i Heimdal Kunstforening.
Med Tatt av Heimdal ynskte kunstforeininga å utvikle og lokalmiljøet gjennom å fokusere på kunstnarisk utforsking, dialog og møte mellom kunst, menneske og stad. Dei inviterte difor inn ulike kunstnarar, som alle arbeidde prosessuelt, performativt eller relasjonelt. Eit av spørsmåla kunstforeininga stilte seg var kva rolle ei kunstforeining kan ha i sitt eige nærmiljø; kva kan foreininga bidra med i lokalsamfunnet? Dei konkrete måla var å nå ut til nye publikumsgrupper, gjere foreininga meir attraktiv for kunstnarar og gje styret og tilsette i foreininga ny erfaring og kunnskap. Kunstforeininga fortel om eit svært utbyterikt samarbeid med kurator Helga-Marie Nordby.
– Helga-Marie fekk kunstforeininga til å konkretisere ynske og behov og skape eit prosjekt basert på eigne interesser og føresetnader. Ho fungerte som ein viktig samtalepartner, støttespelar og eit fagleg anker som fekk kunstforeininga til å tore å gje seg ut på eit så stort og utfordrande prosjekt. Saman la vi ein strategi for søknader og gjennomføring av prosjekt, og Helga-Marie gav viktige råd og innspel på skriving av søknader, formidlingsarbeid, kontakt med kunstnarar og andre instansar.
Heimdal Kunstforening opplevde at dei fekk mykje spelerom til å prøve ut idear, og etter kvart som prosjektet utvikla seg fekk foreininga meir og meir ansvar, medan Nordby heile tida var ein sterk fagleg samarbeidspartnar og guide.
– Vi jobbar aktivt med å vidareføre og ivareta dei positive etterspela og vil halde fram med å vise kunst på eit høgt nivå, med kuratorisk forankring i lokal og global samtid. Fokuset på deltakande og performativ kunst er også noko kunstforeininga ynskjer å vidareføre, som einaste institusjon i Trondheimsregionen.
Samlingsstad for lokalbefolkninga
Tidleg i prosjektet etablerte kunstforeininga satsinga Café Heimdal, som ein møtestad for lokalbefolkninga, der ein kunne diskutere aktuelle og lokale saker, formilde kva kunstforeininga gjer og verte kjent med dei som bur i nærområdet. Dei arrangerte ulike kafémøter om til dømes Heimdals historie, politisk debatt om den midlertidige godsterminalen på Heimdal og bydelsforum for frivilligheita. Kaféane har hatt stort oppmøte og skapt mykje engasjement, og nådde eit anna publikum enn dei som vanlegvis kjem på utstillingsopningar. I tillegg har det skapt ein synergi der foreininga får inspirasjon til nye prosjekt basert seg på interessene og engasjementet til publikum.
Heimdal Kunstforening oppretta også ein eigen blogg for å nå ut til publikum med dei ulike arrangementa.
Performancefestival, sommarfest og førestillingar
Frå 2014 til 2017 har Heimdal Kunstforening gjennomført ei rekke delprosjekt, med hovudfokus på performancekunst. Ein performancefestival 19.–21. mai 2016 markerte starten på Tatt av Heimdal. I løpet av dei tre festivaldagane vart det gjennomført 23 performancar, ein workshop, vist ein installasjon og eit byggverk vart reist på parkeringsplassen på torget i Heimdal sentrum. Dei fleste prosjekta ble vist i uteromma i bydelen.
I resten av prosjektperioden presenterte Tatt av Heimdal fleire ulike utstillingar og performancar. Kunstnarduoen Trollkrem brukte deltakinga si til å invitere til ein sommarfest i juni 2016. Sommarfesten tok utgangspunkt i at Lisbeth Nypan på 1670-tallet, som ei av dei siste i Noreg, vart dømt og brent som heks på Leinstrand. Det vart bygd eit stort bål som vart brukt som scene for artisten Actually Huizenga og scenekunstnaren Lisa Lie, før det vart påtent. Etter performancane var det fest for publikum med grillmat, servering og dans rundt bålet.
Kunstnarane Eirik Havnes og Øyvind Sørfjordmo brukte i nokre månader den nedlagte krydderfabrikken, Kryddo, på Heimdal som atelier – resultatet frå opphaldet vart vist i utstillinga Old Spice, Baby. I eit samarbeid med sju bachelor- og masterstudentar frå Kunstakademiet i Trondheim viste kunstforeininga utstillinga D Ø V V E R. November 2016 arrangerte Heimdal Kunstforening to unike performancar med den anerkjente kunstnaren Kurt Johannessen i to privatheimar på Heimdal. I forkant av utstillinga Kom inn Heimdall av Kjetil Berge, inviterte kunstnaren ulike folk frå lokalmiljøet til å delta i spirituelle seansar eller rundebords-samlingar for å få kontakt med guden Heimdall. Resultatet frå seansane vart gjort tilgjengeleg for offentlegheita gjennom ei utstilling i lokala til kunstforeininga.
Teaterførestillinga Adressa Contoirs Bankett av Claire deWangen tok i bruk eit historisk, sosialt og symbolsk viktig, men no tomt bygg i Heimdal: Adresseavisen sine gamle kontorlokale. Her fekk publikum oppleve ei stadsspesifikk førestilling som skapte nye narrativar, opplevingar og refleksjonar rundt og om staden. Performancekunstnar Karianne Stensland deltok i Tatt av Heimdal med ein konsert og to teikningar på den lokale pizzariaen, Bella Italia Heimdal. Hun framførte ei rekke av sine eigne songar, mellom anna den helt nye songen om å køyre buss nummer 9 for å verte tatt av Heimdal. Tatt av Heimdal vart avslutta med ein performance og eit utstillingsprosjekt av Kiyoshi Yamamoto. Utstillingsopninga var ein fest der publikum kunne røyke inne, leike seg i ein ballinstallasjon og prøve å endre farge på Kiyoshi sine trykk med ein handfønar.
Gjennom eit samarbeid med Den kulturelle skolesekken fekk Heimdal Kunstforening besøk av 460 elevar frå fjerde trinn i perioden 2016/2017. I diskusjon om kunst, stad og identitet, vart det mange interessante samtalar om korleis elevane opplevde sitt eige lokalmiljø, som elevane også fekk uttrykke gjennom å lage collagar om Heimdal.