Kva skjedde i kunstforeiningane i fjor? Kor mange utstillingar arrangerte de, korleis gjekk kunstsalet, kvar mottok de stønad frå og kor stort publikum hadde de? Som ein del av medlemskapen i Norske Kunstforeninger er alle kunstforeiningane pliktige til å levere ein årleg statistikk.

Ved å levere statistikk for 2017 til Norske Kunstforeninger gjev de oss verdifull innsikt i drifta, behova og utfordringane til kunstforeiningane. Med eit godt talgrunnlag er det lettare for oss setje i gang målretta tiltak, som kjem flest mogleg kunstforeiningar til gode.

Lever statistikk innan 1. juni

Statistikken for 2017 er delt inn i fem ulike deler: Statistikk, Utstillingar og aktivitetar, Støtte, Inntekter og Kommentarar/innspel.

Nokre av svara under Inntekter vil verte vidarerapportert til Kulturrådet for bruk i bransjestatistikken Visuell kunst i tall. Desse spørsmåla er dei same kvart år og vert rapportert frå alle aktørar innan kunstfeltet, slik at ein over tid kan sjå tendensar og utvikling innan kunstmarknaden. Talmaterialet vert handsama konfidensielt, og vil i rapporten berre verte presentert på eit overordna nivå, slik at svara frå den enkelte kunstforeininga ikkje er sporbare. Dersom du har spørsmål til dette kan du kontakte Malin Olivia Dahlberg på malin.dahlberg@kunstforeninger.no eller telefon 22 42 20 35.

Ha årsmeldinga og årsrekneskapen tilgjengeleg når du skal fylle ut statistikken, så er det raskt unnagjort. Du får tilsendt ein kopi av svara dine på e-post, og dersom du oppdagar feil kan du gå inn og rette svara etterpå.

Årsmelding og oppdatering av kontaktopplysingar

Hugs at de i tillegg skal sende oss årsmelding og årsrekneskap: anten til post@kunstforeninger.no eller i posten til Norske Kunstforeninger, Postboks 477 Sentrum, 0105 Oslo.

Vi minner om at må de logge dykk inn i det nye medlemssystemet HyperSys for å avløyse det gamle styret så snart de har hatt årsmøte. Hugs også å oppdatere kontaktinformasjon til kunstforeininga.

Grunna ny personvernlov må alle styremedlemmer deretter sjølve logge seg inn i HyperSys og oppdatere kva informasjon dei ynskjer å motta frå oss. Dersom dei ikkje gjer det vil dei etter 25. mai som standard ikkje motta e-post, nyhendebrev eller tidsskriftet Kunst Pluss.

Forklaring til innlogging og oppdatering av informasjon finn de i brukarrettleiinga til Hypersys, som kan lastast ned frå sida Støtte og råd.