I dag byrjar utbetalinga av 1,7 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar. Norske Kunstforeninger mottek samla 4,07 millionar kroner av desse midlane, noko som er ei rekordstor utbetaling for tredje år på rad. Pengane vert betalt ut til dei 79 lokale kunstforeiningane som har søkt, så raskt som mogleg.
– I år betyr desse frie midla ekstra mykje. Organisasjonane kan bruke dei til å oppretthalde aktivitet. Dette betyr mykje for aktivitet i nærmiljøa sidan nesten 95 prosent av mottakarane er regionale og lokale lag, uttaler kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja i ei pressemelding.
Får 81 % av søknadsbeløpet
I 2020 får meir enn 22 000 organisasjonar tildelingar frå momskompensasjonsordninga. Det er tre prosent fleire enn i fjor. Alle søkjarane får utbetalt 81 % av godkjent søknadsbeløp, noko som er ein prosent mindre enn i fjor.
Ordninga med momskompensasjon for frivillige organisasjonar vart etablert i 2010, og har som mål å fremje frivillig aktivitet. Organisasjonane kan søkje om å få kompensert utgiftene til meirverdiavgift på innkjøpte varer og tenester.
Frå i fjor har potten til momskompensasjon auka med 77 millionar kroner til totalt 1,7 millionar, men det er ikkje nok til å dekkje inn veksten i søkjartal og -beløp. Difor vert søknadsbeløpet frå organisasjonane avkorta med ein felles prosentsats, som i år er på 19 %. I fjor var avkortinga ein prosent lågare.
- Meir informasjon: Tal for momskompenasjon 2019 – Lotteri- og stiftelsestilsynet
- Meir informasjon: Liste over alle tildelingar for underledd – Lotteri- og stiftelsestilsynet
Snarleg utbetaling av pengane
79 lokale kunstlag og kunstforeiningar søkt om momskompensasjon for 2019, og saman med sentralleddet Norske Kunstforeninger får dei totalt 4 067 950 kroner. Det er 285 335 meir enn i fjor, og for tredje år på rad er det ei rekordstor utbetaling.
Av totalsummen får sentralleddet Norske Kunstforeninger 394 126 kroner, inkludert 1 % administrasjonstilskot. Dermed vert 3 673 824 kroner utbetalt til dei lokale kunstforeiningane. For dei lokale kunstforeiningane er det eit enormt sprik i utbetalingane, frå 1300 kroner til godt over ein halv million kroner for nokre av dei store kunstforeiningane med tilsette. Statistikken viser at tildelingane til kunstforeiningane er samanliknbare med den totale søknadsmassen, og følgjer dei same intervalla som den totale fordelinga av momskompensasjon.
Norske Kunstforeninger søkjer på vegne av dei lokale kunstforeiningane etter forenkla modell. Det tyder at kunstforeiningane ikkje treng å dokumentere dei faktiske momskostnadene, dette vert estimert på bakgrunn av dei totale driftskostnadene.
Pengane vert betalt ut til dei lokale kunstforeiningane så snart som mogleg etter at Norske Kunstforeninger har fått overføringa frå Lotteri- og stiftelsestilsynet. Tilskotet kan nyttast fritt innan den frivillige verksemda til kunstforeininga, og ein treng ikkje rapportere kva midlane er brukt til.
Tildelingslista vil verte sendt ut på e-post til kunstforeiningane, slik at dette kan nyttast som vedlegg til rekneskapen.
Ved spørsmål om momskompensasjon kan de kontakte Hanne Houen på e-post hanne.houen@kunstforeninger.no eller telefon 22 42 20 35.