Denne veka byrja Lena Trydal så smått opplæringa i Norske Kunstforeninger. Ho er tilsett som vikar på fulltid frå perioden 18. november 2019 til 13. september 2020, som kommunikasjonsrådgjevar og redaktør for Kunst Pluss.
– Å arbeide for Norske Kunstforeninger blir ei spennande utfordring! Eg ser fram til å bli kjent med både kollegaer, skribentar og sjølvsagt medlemsforeiningane, og håper vi kan få mange gode dialogar og samarbeid, seier Lena Trydal.
Lena Trydal kjem frå Kristiansand, og har utdanning innan estetiske studiar og kunsthistorie frå Universitetet i Oslo. Ho har også eitt år ved the Royal Academy of Art i Haag bak seg. Sidan 2018 har ho arbeidd som frilans kunstkritikar og skribent mellom anna for Subjekt.no. I tillegg har ho erfaring som formidlar ved Kunstnernes Hus, Høstutstillingen og Astrup Fearnley Museet. Ho har også vore styremedlem i Plot/Oslo, ein klubb om samtidskunst for unge i alderen 15–25.
– Vikaren vår er på plass, og vi ønskjer Lena Trydal varmt velkomen! Trass i sin unge alder, har Lena opparbeida seg ei brei erfaring innanfor det visuelle kunstfeltet, som vil kome oss og kunstforeiningane til gode. Det var særs mange kvalifiserte søkjarar til stillinga, men Lena trekte det lengste strået, seier Susanne Svenseid, direktør i Norske Kunstforeninger.
Endringar av arbeidsoppgåver i organisasjonen
Det er Malin Olivia Dahlberg som går ut i permisjon 1. desember. For å gjere det lettare for ein vikar å ta over har Norske Kunstforeninger valt å omrokkere litt på arbeidsfordelinga internt. Dermed vert nokre av arbeidsoppgåvene Malin Olivia Dahlberg har hatt lagt til Sten Nilsen i staden. Han vil no ha ansvar for oppfølging av medlemssystemet HyperSys, generell rådgjeving til medlemmer og nokre administrative oppgåver i organisasjonen.
Medan Lena Trydal altså tek over rolla som redaktør for Kunst Pluss, som Sten Nilsen har hatt. I tillegg vil ho ha ansvar for nettsidene, sosiale media, pressearbeid og profilering.
Svenseid trur Trydal sin bakgrunn vil kome godt med i jobben i Norske Kunstforeninger:
– Med røynsle som utøvande kunstnar, kritikar, formidlar samt administrative oppgaver, har Lena alt sett seg godt inn i kunstforeiningane si drift.