Frå Høstutstillingen 2017 var Siri Bråtveit sin film Ponytales (2014), eitt av tre verk som vart plukka ut som ein del av videoprogrammet.

Det har no vorte ein tradisjon at kunstforeiningane får moglegheit til å vise det nyaste innan videokunst frå Høstutstillingen. Vising av video-programmet er eit samarbeid mellom Norske Kunstforeninger og Høstutstillingen.

Statens Kunstutstilling – Høstutstillingen opna dørene for første gong i 1882, og sidan har utstillinga vore omdiskutert, elska og hata. Høstutstillingen har som mål å vise kva som rører seg i norsk samtidskunst, og trekkjer kvart år eit stort publikum. Alle kan søkje om å stille ut på Høstutstillingen, og deltakarane vert plukka ut av ein fagjury.

Sidan 2013 har Høstutstillingen gjort eit utval av videoverka frå utstillinga, som vert sendt på turné i kunstforeiningane. Samarbeidet bidreg til at Høstutstillingen vert ei nasjonal utstilling, ikkje berre for kunstnarane som deltek, men også for publikum som kan sjå kunsten der dei bur.

Eit variert utval av ny videokunst

Videokunsten er mangfaldig i uttrykk, teknikk og tema. Lengda på verka varierer, dei kan fragmentariske, forteljande eller dokumentariske, i low tech- eller kinofilmkvalitet, humoristiske, samfunnskritiske og poetiske.

I fjor sendte Høstutstillingen tre videoverk på til saman 38 minutt på turné, Strim (2017) av Aleksander Johan Andreassen, Ponytales (2014) av Siri Bråtveit og Leave Fucking «Society» Alone (2015) av Daisuke Kosugi. Filmane hadde rørsle som ein fellesnemnar, medan det var stor variasjon i historieforteljing og kunstnarisk uttrykk. I dei utvalde verka kunne ein sjå krysningar mellom dokumentar og kortfilm, og samla viste dei eit spekter av uttrykka innan videokunsten.

Fordi juryeringa av Høstutstillingen ikkje er ferdig, vil formatet på programmet for i år ikkje verte avklart før i august. Talet på verk har tidlegare år variert frå 2 til 11, og den totale lengda på programmet har vore maksimalt ein time.

Formidling for ungdom

Kunstforeiningane som har vist programmet har gjeve positive tilbakemeldingar. Sidan ikkje alle er like vande med video som kunstnarisk uttrykk, melder kunstforeiningane at visingane har vorte meir vellukka når dei også har arrangert eit føredrag om videokunst, eller andre formidlingstiltak.

– Materiellet var variert, og det gav grunnlag for vekslande tilbakemeldingar. Erfaring frå dei to tidlegare visningane me har hatt med verk frå Høstutstillingen, viser at det er mogleg å trekkje ein del folk når me byr på eit fagleg opplegg i tilknyting.

Fleire av kunstforeiningane har valt å rette formidlingstiltak spesielt mot barn og unge. Fordi ungdom er storkonsumentar av video i kanalar som YouTube og SnapChat, kan video som medium for dei unge opplevast som meir tilgjengeleg enn tradisjonelle kunstuttrykk. Fleire kunstforeiningar har difor fått i stand eit formidlingssamarbeid med skular, der elevar anten har vorte invitert til kunstforeininga, eller videoane har vorte vist på skulen som ein del av undervisingsopplegget i kunst- og handverk.

– Kunstopplevelsene og bakgrunnsinformasjonen har samlet bidratt til gode diskusjoner i klasserommet om blant annet kunstfilm som medium, budskap uttrykt med visuelle virkemidler og symbolbruk i kunsten.

– Super lærerveiledning. Fungerte godt i praksis. Kort og konsis, og tilstrekkelig for å få i gang elevenes refleksjoner, samtaler og engasjement.

Videoprogrammet eignar seg best for formidling for elevar frå ungdomsskular og vidaregåande skular. Med utstillingane følgjer ei lærarrettleiing, som gjev innfallsvinklar til formidling av videoverka.

Praktisk informasjon

Høstutstillingen vert vist på Kunstnernes Hus i perioden 8. september–14. oktober 2018. Visingsperioden for videoprogrammet kan difor tidlegast byrje 8. september, men kan leggjast når ein måtte ynskje hausten 2018 eller våren 2019.

Kunstforeiningane får tilsendt ferdig redigerte videoprogram (DVD/nedlasting) og digitalt materiell (plakat, lærarrettleiing og infohefte om videokunst, verka og kunstnarane). Kunstforeiningane må sjølve stille med passande visingsutstyr, som projektor, DVD-avspelar, høgtalarar etc.

Det er kostnadsfritt for kunstforeiningane å vise videokunst frå Høstutstillingen. Dersom ein planlegg spesielle formidlingstiltak, kan ein søkje om prosjektstønad innanfor dei vanlege fristane til Norske Kunstforeninger. Kunstforeiningar som viser videoprogrammet, må sende oss ein kort rapport i etterkant av visinga.

Fyll ut og sendt inn søknadsskjemaet til post@kunstforeninger.no eller til Norske Kunstforeninger, Postboks 477 Sentrum, 0105 Oslo.

Innsendingsfrist: 15. august 2018