Det har vorte ein tradisjon at kunstforeiningane får moglegheit til å vise det nyaste innan videokunst frå Høstutstillingen. Nytt av året er at videoprogrammet vil verte sett saman spesielt med tanke på formidling til barn og unge. Ein fyldig formidlingspakke vil følgje programmet, slik at ein har gode verktøy dersom ein inviterer skuleklasser. I tillegg vil Høstutstillingen velje ut 2–3 kunstforeiningar som vil få besøk av ein kunstnar eller formidlar.
Statens Kunstutstilling – Høstutstillingen opna dørene for første gong i 1882, og sidan har utstillinga vore omdiskutert, elska og hata. Høstutstillingen har som mål å vise kva som rører seg i norsk samtidskunst, og trekkjer kvart år eit stort publikum. Alle kan søkje om å stille ut på Høstutstillingen, og deltakarane vert plukka ut av ein fagjury.
Sidan 2013 har Høstutstillingen gjort eit utval av videoverka frå utstillinga, som vert sendt på turné i kunstforeiningane. Samarbeidet bidreg til at Høstutstillingen vert ei nasjonal utstilling, ikkje berre for kunstnarane som deltek, men også for publikum som kan sjå kunsten der dei bur. Vising av videoprogrammet er eit samarbeid mellom Norske Kunstforeninger og Høstutstillingen.
Eit mangfald av uttrykk
I videokunst møter ein utforskande forteljingsformer og krysningar mellom ulike sjangrar. Den store variasjonen i uttrykk, tematikk og teknikk i arbeida, er ei av styrkene ved videokunsten. I videokunsten kan historieforteljing skje på andre og nye måtar, og kanskje kan kunstopplevinga føre til at ein ser litt annleis på si eiga historie og omgjevnader i etterkant.
Kva videoverk som vert ein del av årets program er ikkje avklart enno. Men i år vert det truleg verte valt ut 2–3 videoverk, som eignar seg spesielt godt for formidling barn og unge. Programmet vil verte lagt opp slik at det passar til å verte formidla i løpet av ein dobbelttime: maks 45 min video, og resten av tida til diskusjon og praktiske oppgåver.
Formidling for barn og unge
Kunstforeiningane som tidlegare har vist programmet har gjeve positive tilbakemeldingar. Sidan ikkje alle er like vande med video som kunstnarisk uttrykk, melder kunstforeiningane at visingane har vorte meir vellukka når dei også har arrangert eit føredrag om videokunst, eller andre formidlingstiltak. Med utstillingane følgjer ei formidlingsrettleiing, som gjev innfallsvinklar til formidling av videoverka.
Fleire av kunstforeiningane har allereie valt å rette formidlingstiltak spesielt mot barn og unge. Fordi ungdom er storkonsumentar av video i kanalar som YouTube og SnapChat, kan video som medium for dei unge opplevast som meir tilgjengeleg enn tradisjonelle kunstuttrykk. Ein del kunstforeiningar har difor fått i stand eit formidlingssamarbeid med skular, der elevar anten har vorte invitert til kunstforeininga, eller videoane har vorte vist på skulen som ein del av undervisingsopplegget i kunst- og handverk.
Her er nokre av tilbakemeldingane frå kunstforeiningane som har vist programmet:
– Inspirerende å høre samtalene filmene satte i gang! Hurra for ungdom som gir kunsten en sjanse, og lærere som hiver seg rundt og benytter seg av vårt tilbud, og for Høstutstillingen som deler med oss i distriktet!
– Tror dette var en døråpner for flere, og sammensetningen var interessant også for yngre.
– Kunstopplevelsene og bakgrunnsinformasjonen har samlet bidratt til gode diskusjoner i klasserommet om blant annet kunstfilm som medium, budskap uttrykt med visuelle virkemidler og symbolbruk i kunsten.
– Vi har aldri bestilt dette materiellet før, og det var ei positiv oppleving. Gode videofilmar og bra materiell. Vi får sjå på korleis vi kan formidla dette til fleire ein annan gong.
Praktisk informasjon og påmelding
Høstutstillingen vert vist på Kunstnernes Hus i perioden 7. september–13. oktober 2019. Visingsperioden for videoprogrammet kan difor tidlegast byrje 7. september, men kan leggjast når ein måtte ynskje hausten 2019 eller våren 2020.
Kunstforeiningane får tilsendt ferdig redigerte videoprogram (DVD/nedlasting) og digitalt/trykt materiell (plakat, formidlingsrettleiing og informasjon om videokunst, verka og kunstnarane). Kunstforeiningane må sjølve stille med passande visingsutstyr, som projektor, DVD-avspelar, høgtalarar etc.
Det er kostnadsfritt for kunstforeiningane å vise videokunst frå Høstutstillingen. Som nemnt vil dessutan 2–3 av kunstforeiningane verte plukka ut til å få eit eige formidlingsopplegg, der ein kunstnar eller formidlar frå Høstutstillingen deltek. Kostnadene til dette vil verte dekt av Høstutstillingen. Dei som ikkje er så heldige å verte utvalt, vil ha moglegheit til å søkje om vanleg prosjektstønad til formidlingstiltak frå Norske Kunstforeninger. Kunstforeiningar som viser videoprogrammet, må sende oss ein kort rapport i etterkant av visinga.
Dersom de ynskjer å vise videoprogrammet fyller de ut og send inn skjemaet under, til post@kunstforeninger.no eller til Norske Kunstforeninger, Kongens gate 2, 0153 Oslo.
Innsendingsfrist: 15. august 2019