Annakvart år planlegg og gjennomfører ei lokal kunstforeining ein nasjonal kunstfestival, etter søknad til Norske Kunstforeninger. Kunstfestivalen gjev kunstforeiningar ei unik moglegheit til å marke seg på kunstkartet.

Kunstforeininga står fritt i val av tema, program og arrangement, men vanlege programpostar er til dømes utstillingar, kunstnarsamtalar og fagseminar. Arbeidet med festivalen vil gje kompetanse i planlegging, utvikling og gjennomføring av større prosjekt. Sjølv om Norske Kunstforeninger bidreg med rådgjeving og stønad undervegs, har den lokale kunstforeininga hovudansvar for arrangementet. Det er viktig at ein tilpassar programmet til eigne ressursar og lokale tilhøve – det er ikkje noko mål at festivalen skal overgå den føregånde i omfang og budsjett.

Festivalen vert arrangert om våren i oddetalsår, i tilknyting til Norske Kunstforeninger sitt årsmøte. Tidlegare har det vorte arrangert kunstfestivalar mellom anna i Steinkjer (2007), Bodø (2009), Gjøvik (Glass 2011), Hammerfest (HFT2013), Voss (Agalaus 2015) og Grenland (Greenlightdistrict 2017).

Frå Trine Falch sin performance Leilighetsteateret under kunstfestivalen HFT 2013 i Hammerfest. Foto: Ingerid Jordal

Søkjeprosess og økonomi

Norske Kunstforeninger gjev 175 000 kroner til festivalarrangøren, resten av midlane må kunstforeininga skaffe sjølv. Totalkostnaden for festivalen vil variere alt etter kor omfattande program ein legg opp til. Finansieringa treng ikkje vere på plass når ein søkjer, men ein må leggje ved ein realistisk plan for korleis festivalen kan finansierast.

Søknadsfrist er 1. juli i oddetalsår, med vedtak i september. Frå positivt tilslag til gjennomføring har dermed den utvalde kunstforeininga om lag 1 ½ år på seg til å planleggje festivalen og skaffe finansiering.

Søknaden må innehalde:

  • Tema/prosjektskildring for festivalen
  • Programskisse (utstillingar, kunstnarsamtalar, seminar/konferanse o.l.)
  • Utkast til budsjett/finansieringsplan
  • Hotell- og konferansekapasitet (minimum overnattingskapasitet til 100 personar)
  • Informasjon om eventuelle samarbeidspartnarar (lokalt, regionalt og nasjonalt)
  • Informasjon om transportmoglegheiter
  • Ynskt helg for festivalen (våren 2019, innan 15. juni)
  • Informasjon om eventuelle andre kulturtilbod ein kan knyte opp til festivalen

Kontakt oss gjerne dersom de har spørsmål knytt til søknaden! 
Søknaden sender de til Norske Kunstforeninger, Kongens gate 2, 0153 Oslo eller på e-post til susanne.svenseid@kunstforeninger.no

 

Tidlegare festivalar: