26 kunstforeiningar og kunstlag over heile landet viser smakebitar frå Høstutstillingen 2013. Videokunsten frå utstillinga når på denne måten ut til langt fleire enn dei som har høve til å sjå utstillinga på Kunstnernes Hus i Oslo i Oslo.

Statens Kunstutstilling – Høstutstillingen er den største scena for samtidskunst i Noreg. Utstillinga er omdiskutert og ein magnet for kunstnarar, kritikarar og publikum. I 2013 var det 2300 søkjarar, og totalt vart 95 kunstnarar/kunstnargrupper valde ut til å delta.

Videoprogrammet er eit unikt høve til å sjå kva som røyver seg i det multimediale kunstlandskapet. Høstutstillingens videoprogram viser aktuell norsk videokunst, og har eit mangfaldig uttrykk og innhald. I år spenner videoprogrammet frå humoristiske samfunnskommentarar til det mytologiske og fantastiske. Korleis vi kommuniserer og uttrykkjer oss i ei tid med stadig flere moglegheiter gjennom digitale media, opptek fleire av kunstnatane. Felles for videoane i dette elles svært varierte programmet, er likevel at dei speglar vår eiga tid.

De siste åra har Høstutstillingen vist videoprogrammet på utvalde stader i Noreg, parallelt med utstillinga i Oslo. I år ynskte dei at endå fleire skulle få moglegheit til å vise programmet, og i samarbeid med Norske Kunstforeninger vart difor programmet tilbydd kunstforeiningar og kunstlag.

Gjennom dette samarbeidet med Høstutstillingen, får no kunstforeiningane tilgang til videobasert samtidskunst, aktuell og med eit kvalitetsstempel.

Dei 26 kunstforeiningane og kunstlaga som skal vise videoprogrammet er fordelt på 14 ulike fylke. Mange ynskjer å vise videoane samstundes med utstillinga i Oslo 14. september–13. oktober, men visingsperiodane fordeler seg utover heile hausten 2013 og våren 2014.

Eit eige hefte med informasjon om kunstnarane og verka vil følgje videoprogrammet. Sju videoar er med i programmet, som har ei samla lengde på ca. 50 min.

Stillbilde fra White Distance, Iselin Linstad Hauge.

Verk og kunstnarar

  • White Distance, Iselin Linstad Hauge
  • Skyvelære (while attempting to balance), Ellen Johanne Røed
  • Vampire Yeah, Anders Brenno
  • Förortskillen, Frode & Marcus
  • Ealli guođđá joavkkus – Et dyr forlater sin flokk, Egil Pedersen
  • Wasteland, Kaja Leijon
  • Magic Blood Machine, Ingrid Torvund

Visingsstader

Alta Kunstforening
Bærum Kunstforening
Bømlo Kunstlag
Elverum Kunstforening
Gjøvik Kunstforening
Halden Kunstforening
Hammerfest Kunstforening
Høyanger Kunstlag
Kjøllefjord Kunstforening
Levanger Kunstforening
Luster Kunstlag
Narvik Kunstforening
Neadalen Kunstforening
Nesodden Kunstforening
Orkdal Kunstforening
Ski Kunstforening
Skiens Kunstforening
Sortland Kunstforening
Steinkjer Kunstforening
Suldal Kunstlag
Svelgen Kunstlag
Søgne Kunstlag
Tingvoll Kunstlag
Toten Kunstforening
Vestvågøy Kunstforening
Voss Kunstlag

Stillbilde fra Förortskillen, Frode & Marcus.