Finn du ikkje svar på det du lurer på i menyen til høgre, kan du gjerne kontakte administrasjonen for råd på post@kunstforeninger.no eller telefon 22 42 20 35.

Innlogging til medlemssystemet HyperSys

Medlemslag i Norske Kunstforeninger er pliktige til å oppdatere kontaktinformasjon til kunstforeininga og oversikta over styremedlemmer. Oppdaterer ein informasjonen etter kvart årsmøte, sikrar ein at kunstlaget alltid mottek viktig informasjon, og at ikkje tidlegare styremedlemmer har tilgang. Registrering skjer via medlemsystemet HyperSys.

Alle styremedlemmer kan sjølv logge seg inn i medlemssystemet ved å bruke si personlege e-postadresse som brukarnamn, og får då tilgang til sin eigen brukarprofil. Frå brukarprofilen kan ein velje om ein ynskjer å motta tidsskriftet Kunst Pluss gratis, informasjon på e-post og melde seg på arrangement.

Last ned: