Gjennom Den kulturelle skulesekken kan kunstforeiningar formidle kunstopplevingar til skuleelevar. I tillegg til at dette er eit viktig mål i seg sjølv, kan skulesekkprosjekt gje kunstforeininga inntekter i form av honorar for formidling.
Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelevar i Noreg får møte profesjonell kunst og kultur av alle slag. Den kulturelle skulesekken er eit samarbeid mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet, der Kulturtanken har det nasjonale ansvaret. Den kulturelle skulesekken er i hovudsak finansiert av spelemiddel som vert fordelt av Kulturdepartementet. I 2015 var summen 210 millionar kroner.
Ordninga er eit samarbeidsprosjekt mellom kultur- og opplæringssektoren på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå, og omfattar alle grunnskular og vidaregåande skular i Noreg. Fylkeskommunen er ansvarleg for koordineringa regionalt, men kommunane har også moglegheita til å utvikle eigne program. Desse vert kalla direktekommunar, eller 100 %-kommunar. Det er stor variasjon i korleis skulesekken er organisert på regionalt og lokalt nivå.
- Meir informasjon om ordninga: www.denkulturelleskolesekken.no
Innmelding av tilbod
Booking og programmering skjer i DKS-administrasjonen i kvart enkelt fylke, eller i 100 %-kommunane. Mange kommunane og fylkeskommunar faste årlege fristar for innmelding av tilbod frå kunstnarar og aktørar.
Dersom de lurer på om kunstforeininga sin idé eller prosjekt eignar seg for skulesekken, kan de ta kontakt med fylket eller direktekommunane.
- Meir informasjon: Den kulturelle skulesekken – Kontaktinformasjon til fylkeskommunane og 100%-kommunane
- Meir informasjon: Den kulturelle skulesekken – Oversikt over fristar
Døme på formidlingsopplegg
Fleire kunstforeiningar og kunstlag har omvisingar og aktivitetar for barn gjennom Den kulturelle skolesekken. Til dømes hadde Bodø Kunstforening hausten 2011 eit formidlingsopplegg for alle førsteklassingane i Bodø gjennom Den kulturelle skulesekken. Utgangspunktet for formidlinga var vandreutstillinga Prikk Prikk Strek frå Norske Kunstforeninger.