Grasrotandelen til Norsk Tipping kan med minimal innsats gje ei fin ekstrainntekt til kunstforeiningar.
Alle registrerte spelarar hjå Norsk Tipping kan velje ei frivillig foreining som mottek fem prosent av spelarinnsatsen. Det vil seie at når nokon speler Lotto for hundre kroner, får kunstlaget fem kroner.
I 2016 vart det til saman utbetalt 448 millionar kroner til 25 000 frivillige organisasjonar gjennom Grasrotandelen. Av 2 millionar kundar, har berre halvparten valt ein grasrotmottakar, dermed finst det framleis 1 million potensielle givarar. Dersom kunstforeininga er flinke til å verve spelarar, kan det vere snakk om tusenvis av kroner i løpet av eitt år. Norsk Tipping har utarbeidd gratis vervemateriell de kan bruke til å kapre grasrotgivarar.
For å kunne motta pengar frå Grasrotandelen må kunstlaget vere registrert i Frivillighetsregisteret og godkjent som grasrotmottakar. Oppføring i Frivillighetsregisteret er gratis. Pengane ein mottek frå Grasrotandelen kan ein bruke fritt, og dei vert overført tre gonger i året, 1. januar, 1. mai og 1. september.
Meir informasjon: www.norsk-tipping.no/grasrotandelen
Vervetips: www.norsk-tipping.no/artikler/vervetips-for-grasrotandelen