Grunnleggjande kunnskap om styre- og organisasjonsarbeid er essensielt for at kunstforeiningane skal nå målet om å formidle kunst til publikum.

For å bidra til å styrke organisasjonsutviklinga i medlemsforeiningane har Norske Kunstforeninger gjeve ut handboka Styrearbeid – er det noen kunst?. Boka handlar om dei oppgåvene, pliktene og ansvaret du har som tillitsvald i ei kunstforeining. I tillegg til å gjere styremedlemmene rusta til å gje eit viktig bidrag til kunstforeininga og samfunnet, kan boka også inspirere og gjere styrearbeidet morosamt!

Vi anbefaler kunstforeiningane å kjøpe inn eit eksemplar til kvar av styremedlemmene. Bestillinga vert sendt samla til ei postadresse saman med faktura.

Styrearbeid – er det noen kunst? (2015)

  • Forfattar: Trond Bogsnes
  • 150 kroner per stk. inkl. porto. (ved bestilling av 10: 100 kroner per bok)
  • 200 kroner (for personer/foreiningar som ikkje er medlemmer i Norske Kunstforeninger)
  • Send bestilling til post@kunstforeninger.no (opplys om antal og post/faktureringsadresse)

Organisasjonshandbok frå Frivillighet Norge

Frivillighet Norge har utvikla Organisasjonshåndboka, som særleg er retta mot nystarta eller små organisasjonar. Handboka innheld heilt konkrete råd og tips til korleis ein kan starte og drive ein liten frivillig organisasjon på best mogleg måte. Ho tek mellom anna føre seg stiftingsmøte, vedtekter, økonomi, søknadsskriving, registrering i Brønnøysundregistrerne, årsmøte, styre og kommunikasjon.

Organisasjonshåndboka kan anten bestillast frå Frivillighet Norge, eller lastast ned gratis som pdf-fil frå nettsida deira.

Meir informasjon: Organisasjonshåndboka – Frivillighet Norge