Sal av kunstverk er unnateke moms, dersom kunsten vert selt av eller på vegne av kunstnaren. Derimot vil sal av enkelte typar kunsthandverk vere momspliktig.

Ifølgje Meirverdiavgiftslova skal ein leggje til moms på 25 % på bruksrelatert og kommersielt kunsthandverk. Det vil i praksis seie at ein må betale moms for ting som koppar, fat, vinglas, skåler, bollar o.l., i tillegg til dekorative skulpturar og pyntegjenstandar. Kunsthandverk i form av unike skulpturar, keramiske relieff og andre verk som kan karakteriserast som ein original skulptur, skal ein derimot ikkje betale moms for.

Kunsthandverkaren er sjølv ansvarleg for å sende inn momsen, medan kunstforeininga tek seg av innkreving og rapportering av 5%-avgifta. Ikkje alle kunsthandverkarar er momsregistrerte, dersom dei har ein omsetnad på under 50.000 i året er dei til dømes ikkje momspliktige. Dersom kunsthandverkarar ikkje lagar bruksrelaterte produkt, treng dei heller ikkje vere momsregistrert.

Følgjande reglar gjeld:

  • 5%-avgifta til Bildende Kunstneres Hjelpefond skal reknast utifrå salsum eksludert moms
  • Momsen vert rekna ut ifrå salsummen pluss 5 %-avgifta
  • 5%-avgifta gjeld berre på alt kunsthandverk, bruksrelatert eller ikkje med salsum over 2000 kroner (eksludert moms) Les meir: Kunstavgiften 5 % på salg av kunst

Dersom ei kunstforeining i løpet av dei siste 12 månadene har ei inntekt på minst 140 000 kroner på sal av momspliktig kunsthandverk, vert kunstforeininga sjølv momspliktig. Ved formidlingssal der kunsthandverkaren er ansvarleg seljar, er det berre kunstforeininga sin provisjon som skal reknast med i inntekstgrunnlaget. Viss kunstforeininga derimot har kjøpt inn og sel vidare kunsthandverk, vil heile salsummen reknast med. Mva-registrering gjer ein i Brønnøysundregistrene. Merk at dersom ein kjem over grensa, vil berre den delen av verksemda som driv med sal av momspliktige varer vere momspliktig. Til dømes vil formidlingssal av kunst framleis ikkje vere momspliktig.

Døme: sal av bruksrelatert kunsthandverk

Ein kunsthandverkar stiller ut i kunstforeininga og ein kunde ynskjer å kjøpe ei skål som er prissett til kr 3000 + mva. Provisjonen til kunstforeininga er i dette tilfellet sett til 20 %, altså 600 kroner, og kunstnaren sin del er på 2400 kroner.

5 %-avgifta vert uansett rekna utifrå totalen på 3000 kroner. Dette skal kunstforeininga krevje inn og vidaresende til Bildende Kunstneres Hjelpefond.

5 % av 3000 kr = 150 kr (kunstavgifta)

Momsen skal reknast utifrå salsummen på 3000 kroner pluss 5 %-avgifta på 150 kroner, altså er momsgrunnlaget på 3150 kroner. Med moms på 25%, vert då totalsummen kjøparen skal betale 3937, 50 kroner. Momsen er det kunsthandverkaren sjølv som betaler/rapporterer inn til styresmaktene.

3000 kr + 150 kr = 3150 (momsgrunnlag)
25 % av 3150 kr = 787,50 kr (moms)
3150 kr + 787,50 kr = 3937,50 kr (totalum kjøpar skal betale)

Dersom de er i tvil i konkrete saker – kontakt Skatteetaten.