Ifølgje norsk lov skal ikkje kunstnarar betale meirverdiavgift (moms) for sal av eigne originale kunstverk. Dette gjeld også når omsetning av kunst skjer via ein mellommann i kunstnaren sitt namn, såkalla formidlingssal. Sal frå utstillingar i kunstforeiningar vil normalt vere formidlingssal, som ikkje er momspliktig.
I 2015 vart eit privat galleri dømt til å etterbetale moms på sal av kunst, fordi retten ikkje meinte at det var bevist at salet hadde skjedd på vegne av kunstnaren. For å unngå å hamne i same trøbbel som galleriet, er det viktig å gjere det svært tydeleg at kunstforeininga driv med formidlingssal, og at kunstnaren er den reelle seljaren.
Med bakgrunn i dommen oppmodar vi kunstforeiningane om å ta ein gjennomgang av korleis de fører rekneskap og utformar avtalar med kunstnarar. Kunstforeiningane må merke seg punkta retten har slått ned på, og om naudsynt justere praksisen sin etter dette.
Høyr nyhendesak frå NRK om dommen: Momskrav ryster galleriene
God råd ved formidlingssal
- Skriv klare avtalar med kunstnarane de formidlar kunst på vegne av. Der må det kome fram at de formidlar kunsten på vegne av kunstnaren mot ein provisjon, men at kunstnaren står som ansvarleg seljar overfor kjøparen.
- På faktura/salsdokument/kontrakt må det stå tydeleg at kunstnaren er seljar, og at kunstforeininga berre formidlar salet på vegne av kunstnaren. Dette er viktig for at kjøparen skal vite kven som er rettsleg ansvarleg ved eventuelle reklamasjonar/tvistesaker om kunstverket.
- I årsrekneskapen skal kunstforeininga berre føre provisjonen sin som ei inntekt. Det er ikkje korrekt å føre heile salssummen som inntekt, og oppgjeret til kunstnaren som ein kostnad.
- I utstillingslokala til kunstforeininga bør det også gjerast klart gjennom oppslag og på prisliste, at kunstforeininga formidlar kunsten på vegne av kunstnaren, og at kunstnaren eig kunsten til han vert selt. Ein kan ikkje rekne med at publikum kjenner til at dette er vanleg praksis.
- Ordet kommisjonssal vert ofte feilaktig brukt i kunstverda, i dei aller fleste tilfella er det korrekte å bruke omgrepet formidlingssal.
I samråd med fagorganisasjonane Norske Billedkunstnere og Norske Kunsthåndverkere har Norske Kunstforeninger oppdatert den retningsgjevande salskontrakten og utstillingsavtalen i tråd med dommen.
Moms ved enkelte typar sal
Det finst nokre tilfelle der sal av kunst frå kunstforeiningar vil vere momspliktig. Merk at plikta til å betale meirverdigavgift først slår inn etter ei inntekt på 140 000 kroner dei siste 12 månadene.
I følgjande tilfelle skal det betalast moms (dersom ein når omsetningsgrensa):
- Ved sal av bruksrealtert/kommersielt kunsthandverk. Les meir om moms på kunsthandverk.
- Ved andrehandssal. Døme: kunstforeininga har kjøpt inn grafikkmapper, som vert selt vidare.
- Dersom kunstforeininga sel kunst i eige namn. Dersom det ikkje går fram av kontrakt/salsdokument/faktura at kunstnaren er den reelle seljaren.
- Kunstauksjonar. Døme: kunstnarar har donert verk til kunstforeininga, som så vert auksjonert vekk til inntekt for kunstforeininga.
De kan også lese meir om momsfritak for kunst og kva som er momspliktig i publikasjonen Styrearbeid – er det noen kunst?