Kunstverk er verna av åndsverkslova, og fotografi av kunstverk kan difor ikkje nyttast fritt. Personen som skaper eit kunstverk har opphavsrett ut si levetid. Verket er i tillegg verna 70 år etter utgangen dødsåret til opphavspersonen.

I samband med utstillingar bør ein avtale med kunstnaren kva bilete som fritt kan nyttast i promotering av utstillinga; på plakatar, som pressebilete og på nettsider. Kunstnaren skal alltid krediterast når kunstverket vert publisert. Dersom ein annan person enn kunstnaren har teke fotografiet av kunstverket må også fotografen krediterast.

Fri bruk ved nyhende

Kunstverk kan nyttast fritt i aviser, tidsskrift og kringkasting ved omtale av ei dagshending:

Føresetnaden er at nyhenda  er om det konkrete verket som vert gjeve att til dømes omtale av ei komande/pågåande utstilling, tjuveri av verk etc.

Kunstverk eller fotografisk verk kan dessutan gjevast att fritt i aviser, tidsskrift, kringkasting, film og i bøker dersom verket utgjer ein del av bakgrunnen eller på annan måte spelar ei underordna rolle i samanhengen.

Sitat frå nettsidene til BONO.

Dersom ein vil publisere bilete av eit kunstverk i ein annan samanheng enn dette har opphavspersonen rett på vederlag. I Noreg vert opphavsretten til dei fleste kunstnarar forvalta av BONO. Dersom ein ynskjer å bruke eit verk av ein kunstnar er som er medlem av BONO, kan ein kontakte BONO for å få lisens til å bruke biletet. Viss ikkje må ein kontakte personen som har opphavsretten direkte.

Meir informasjon: www.bono.no

Fordi det er meir enn 70 år sidan Adolph Tidemand  (1814–1876) og Hans Gude  (1825–1903) døydde er ikkje lenger verda deira omfatta av opphavsretten. Her Brudeferden i Hardanger, 1848, olje på lerret, 93 × 130 cm, Nasjonalgalleriet (eigar).