Kunstfeltet i Noreg vert stadig meir mangfaldig: uttrykka endrar seg og kvart år strøymer nye kunstnarar ut frå kunsthøgskulane. Korleis skal ein klare å halde seg orientert i dette mylderet? Kva kunstnarar finst der ute, og kven passar inn i dykkar utstillingsprogram?

Heldigvis finst det fleire gode verktøy som kan hjelpe dykk til å navigere i kunstjungelen. Ein god plass å byrje er nettsidene til ulike kunstnarorganisasjonar. Der finst det medlemslister, ofte med presentasjonar, bilete, kontaktinformasjon og lenker vidare til kunstnarane sine eigne nettsider.

Nettsidene til kunstnarorganisasjonane er ein bra stad å orientere seg. Slik er kunstnarane presentert på nettsidene til Buskerud Bildende Kunstnere. Foto: Skjembilete frå www.bbkunst.no

Nokre kunstnarorganisasjonar er basert på fagområde. Tegnerforbundet, Norske Grafikere, Landsforbundet Norske Malere (LNM), Norske Kunsthåndverkere, Norske Tekstilkunstere, Norsk Billedhoggerforening, SDS Samisk Kunstnerforbund og Forbundet Frie Fotografer er slike fagspesifikke organisasjonar. Om de veit at de vil ha ei utstilling med ein teiknar, er dermed Tegnerforbundet sine nettsider ein fin stad å byrje leitinga etter den rette kunstnaren.

Mange kunstforeiningar er opptekne av å vise kunstnarar frå sin eigen region. Om de er på leit etter ein kunstnar med ei geografisk tilknyting er dei regionale kunstsentra og distriktsorganisasjonane til Norske Billedkunstnere ein fin inngangsportal.

Elles kan ein også late seg inspirere av kva utstillingar dei ulike kunstnarorganisasjonane har vist i sine galleri. Dei viser gjerne eit breitt spekter av kunstuttrykk i løpet av eit år, frå nyutdanna kunstnarar til dei godt etablerte. Unge Kunstneres Samfund kan dessutan vere ein stad å orientere seg om kva som skjer innan for det unge kunstfeltet.

Ein annan fordel ved å orientere seg med utgangspunkt i kunstnarorganisasjonane er at de kan vere sikre på at dette er profesjonelle kunstnarar. Kunstnarane er tekne opp som medlemmer i fagorganisasjonane anten på bakgrunn av formell utdanning, eller fordi dei er vurdert å ha høg kunstnarisk kvalitet. At kunstnarane er profesjonelle er eit krav, dersom de ynskjer å søkje Norske Kunstforeninger om stønad til utstillingar.

Nedanfor finn de lenker til kunstnarorganisasjonane sine medlemslister. De kan sjølvsagt også kontakte Norske Kunstforeninger for å få tips om kunstnarar som kan passe inn i utstillingsprofilen dykkar.