Nolevande kunstnarar kan innføre eigne originale kunstverk til Noreg utan å betale meirverdiavgift eller toll. Fritaket gjeld også dersom ei kunstforeining står for importen på vegne av kunstnaren.

Kunstnaren som tek med seg kunsten inn i landet, må kunne dokumentere at han har produsert kunsten sjølv, eller at andre har utført den etter hans faglege instruksjon og rettleing. Fritaket gjeld alle typar kunstverk som måleri, grafiske arbeid, skulpturar, installasjonar, tekstilkunst og kunstnariske fotografi. Bruksrelatert kunsthandverk som skåler, koppar og vinglas er ikkje omfatta av unntaket.

Tollfritaket for kunst er slått fast i internasjonale avtalar. Likevel kan reglane for kva som vert definert som kunst, og dei landspesifikke toll- og avgiftsreglane variere. Avsendaren har ansvar for å sjekke reglar ved utførsel og innførsel med dei aktuelle landa sine tollstyresmakter.

Meir informasjon: Oversikt og lenker til alle tollvesen i verda

Utfylling av import- og eksportdokument

Sjølv om innførsel av kunst er avgiftsfri, må kunstverk deklarerast for Tollvesenet både ved import og eksport. Kunstnaren som tek med seg kunsten må på førehand ha fylt ut papir for utførsel frå heimlandet sitt. Dersom kunsten ikkje er til sals forenklar det prosessen om kunstnaren bruker det internasjonale tolldokumentet ATA-carnet for mellombels eksport. Er det derimot import til ei salsutstilling må kunstnaren fylle ut Enhetsdokumentet (SAD) både ved import og eventuell retur-eksport.

I tillegg til eksport/import-dokument bør kunstnarane ha med ei eigenerklæring på engelsk om at dei er opphavsperson til og eigar av kunstverka.

Ei enklare, men dyrare løysing, er å nytte eit transportfirma som tek seg av alt det praktiske og utfylling av inn- og utføringsdokument.

Ta kontakt med Tolletaten for meir informasjon og hjelp: www.toll.no