Frivillige organisasjonar som har eit humanitært eller samfunnsnyttig formål kan halde lotteri der overskotet går til organisasjonen sitt formål. Ver merksam på at ein del typar lotteri må meldast inn til Lotteritilsynet på førehand.
Medlemslotteri
Ein del kunstforeiningar har lange tradisjonar for medlemslotteri. Ofte føregår dette på følgjande måte: på årsmøtet vert det trekt ut ein vinnar av eit kunstverk blant alle betalande medlemmer. Ein slik type utlodding vil falle inn under kategorien møtelotteri, og dette treng ein ikkje melde frå om til Lotteritilsynet.
Basar
Dersom ein har eit lotteri der alt føregår i løpet av ein dag, der både loddsal og trekning av gevinstar skjer på same arrangement, kan dette falle inn under reglane for basar. På ein basar kan lodda maksimum koste 5 kroner per stykk, ein enkeltgevinst maks vere verdt 8000 kroner og samla gevinstverdi maksimum vere 40 000 kroner. Basarar treng ein ikkje å melde til Lotteritilsynet.
Les meir: Basar
Smålotteri inntil 200 000 kroner
Har ein sal av lodd som går over ein lengre periode, og loddinntektene og gevinstane er større, må ein melde frå til Lotteritilsynet. Frivillige organisasjonar som arrangerer lotteri med inntil 200 000 kroner i årleg omsetning må seinast 14 dagar før kvart lotteri melde frå til Lotteritilsynet, og sende inn rapport når lotteriet er avslutta. Dette kan ein enkelt registrere via nettsidene til Lotteritilsynet.
Les meir: Smålotteri
Store lotteri over 200 000 kroner
Dersom ein har lotteri med ei årleg omsetning på over 200 000 kroner, må ein på førehand ha søkt om og fått lotteriløyve frå Lotteritilsynet.
Les meir: Stort lotteri
Meir informasjon: www.lottstift.no/lotteritilsynet