Norske Kunstforeninger deler ut stønad til frakt, prosjekt og utstyr, men vi fullfinansierer ikkje prosjekt. Her har vi difor samla informasjon om nokre av dei store institusjonane ein kan søkje om pengar til gode kulturformål.

I tillegg har dei fleste kommunar og fylkeskommunar stønadsordningar. Pengegåver frå enkeltpersonar og stiftingar kan i tillegg utløyse 25 % av gåvebeløpet i statleg gåveforsterking. Gløym heller ikkje at det kan vere pengar å hente gjennom sponsoravtalar, eller andre former for samarbeid med det lokale eller regionale næringslivet.

Les også: Råd om søknadsskriving

Norsk kulturråd

Norsk kulturråd forvaltar Norsk kulturfond  og andre statlege stønadsordningar på kulturområdet. Til ulike typar kunstprosjekt, utstillingar og arrangement kan ein søkje om prosjektstønad for visuell kunst. Det er fire årlege søknadsfristar for prosjektstønad i byrjinga av mars, juni, september og desember. Kunstforeiningar kan også søkje om arrangørstønad eller gjesteopphald for kunstnarar/kuratorar gjennom to ulike ordningar. Etablerte institusjonar kan også søkje om driftsstønad.

Dersom ein planlegg ei ombygging av utstillingslokalet eller oppgradering av teknisk utstyr eller digital infrastruktur, kan ein søkje stønad til dette gjennom ordninga Rom for kunst.

Meir informasjon på: 
www.kulturradet.no

Fritt Ord

Stiftelsen Fritt Ord har som føremål å verne om og styrke ytringsfridomen og vilkåra for ytringsfridomen i Noreg, ved å stimulere levande debatt og uredd bruk av det frie ordet. Eit av satsingsområda er kunst og kultur, og dei gjev mellom anna stønad til «resonnerande katalogar, tiltak for meiningsutveksling og tverrkulturell dialog i samband med kunstuttrykk, og debatt om kulturpolitikk».

Fritt Ord kan dermed vere ein naturleg institusjon å søkje om stønad dersom kunstforeininga/kunstlaget skal arrangere eit seminar, ein debatt, eller gje ut ein publikasjon i tilknyting til ei utstilling.

Informasjon om søknadsfristar og retningslinjer finn du på nettsidene til Fritt Ord:
www.fritt-ord.no

Bildende Kunstneres Hjelpefond

Bildende Kunstneres Hjelpefond har stønadsordningar til fremje av norsk kunst. Spesielt aktuell for kunstforeiningar er stønadsordninga for minneutstillingar for ein avdød kunstnar. Kunstnaren må hovudsakleg ha arbeidd i Noreg, og utstillinga skal bidra til kunnskap om kunstnaren. Hjelpefondet kan gje stønad til dekking av utgifter i samband med utstillinga. Søknader vert behandla fortløpande og stønaden vert utbetalt når utstillinga er ferdig montert.

Meir informasjon om retningslinjer og søknadsskjema:
www.kunstfond.no

Sparebankstiftelsen DNB

Sparebankstiftelsen stør prosjekt som skaper engasjement, som har verdi over tid, som involverer frivillige og som gjev eit positivt bidrag til barn og unge. Dei gjev pengar både til små lokale, og store nasjonale prosjekt. Sparebankstiftelsen DNB er ei ideell og uavhengig stifting som gjev pengegåver til allmennyttige føremål.

Ver merksam på at stiftinga berre gjev stønad til lokale prosjekt i følgjande område:
Østfold, Oslo, Akershus, Oppland, Buskerud, Vestfold, Telemark og kommunen Ringsaker i Hedmark.

Les meir om søknadsfristar og retningslinjer her: www.sparebankstiftelsen.no

Bergesenstiftelsen

Bergesenstiftelsen har som formål å fremje allmennyttige prosjekt. Dei støttar særleg kulturelle og humanitære tiltak, og søkjer å bidra til samfunnsnyttige spesialkunnskapar. Det er ingen faste søknadsfristar, men styret har vanlegvis 5-6 møter i året, og handsamar søknadane i den rekkjefølgja dei kjem inn. Stiftinga deler ut om lag 25 millionar kroner årleg.

Les meir og last ned søknadsskjema her: www.bergesenstiftelsen.no

Gjensidigestiftelsen

Gjensidigestiftelsen har som formål at gåvetildelingane skal fremje tryggleik og helse. Ein kan søkje om pengestønad til prosjekt og tiltak i tråd med dette, og som er førebyggjande, utviklande, engasjerande og samfunnsbyggjande. Spesielt er Gjensidigestiftelsen oppteken av å finne gode prosjekt som omhandlar oppvekstvilkåra til barn og unge. Men også prosjekt for andre målgrupper kan få stønad. Søknadsfristen for prosjektstønad er 15. september, og tildelingane vert gjort i desember.

På nettsidene finn du meir informasjon om kva krav ein må oppfylle for å kunne søkje: www.gjensidigestiftelsen.no

Visjon Vest – Sparebanken Vest

Visjon Vest – Sparebanken Vest gjev stønad til kulturtiltak på Vestlandet. Både enkeltkunstnarar og prosjekt kan motta stønad. Hovudtildelinga skjer om våren, og søknadsfristen er 1. april.

Meir informasjon om korleis du kan søkje om pengar: 
www.spv.no/om-oss/vi_satser_paa_vestlandet/visjon_vest/

Nordisk Kulturfond

Nordisk Kulturfond har som mål å bidra til ei positiv utvikling innan kunst og kultur i Norden, ved å fremje det kulturelle samarbeidet mellom Danmark, Finland, Island, Norge Sverige, Færøyene, Grønland og Åland. Fondet gjer dette gjennom å byggje kunnskap nettverk, og gje økonomisk stønad. Fondet deler årleg ut ca. 30 millionar danske kroner. For å kunne søkje om stønad må prosjektet involvere deltakarar/samarbeidspartnarar frå minst tre av dei nordiske landa.

Sjå nettsidene for meir informasjon og søknadsfristar: www.nordiskkulturfond.org

Nordisk kulturkontakt

Nordisk kulturkontakt er ein organisasjon under Nordisk Ministerråd. Organisasjonen er mellom anna sekretariat for tre nordiske stønadsprogram: Kultur- og Kunstprogrammet, Nordisk-Baltisk Mobilitetsprogram for Kultur og NORDBUK Støtteprogram. Organisasjonen deler årleg ut ca. 5 millionar euro. For å kunne søkje om stønad må prosjektet involvere deltakarar/samarbeidspartnarar frå minst tre av dei nordiske landa.

Sjå nettsidene for meir informasjon om ulike stønadsprogram og søknadsfristar: www.nordiskkulturkontakt.org

Gåveforsterkingsordninga

Gåveforsterkingsordninga vart innført for museum i 2014, med formål om å stimulere til fleire private midlar i kulturlivet. Frå 2016 fekk fleire aktørar tilgang til ordninga, dermed kan også kunstforeiningar søkje om gåveforsterking. Det vert stilt krav om at kunstforeiningane som søkjer må vere ei profesjonell kunstverksemd som driv formidling av visuell kunst, og at institusjonen har minst eitt fast lønna årsverk.

Dei private pengegåvene må samla vere på minst 100 000 kroner, og ein vil då kunne søkje om å få 25 % av gåvebeløpet i statleg gåveforsterking.

Les meir om reglane for gåveforsterkingsordninga: Retningslinjer for Gaveforsterkningsordningen for kunst- og kulturformål

Meir informasjon: Søknadsskjema for gåveforsterkingsordninga