Vurderer de å stifte eit kunstlag eller ei kunstforeining der de bur? Her har vi samla nokre nyttige råd til oppstarten og vidare drift.

Stiftingsmøte og vedtekter

Det første formelle ein må gjere er å halde eit stiftingsmøte for foreininga, og setje opp vedtekter. I Organisasjonshåndboka frå Frivillighet Norge finn de praktisk informasjon om korleis ein gjennomfører eit stiftingsmøte og kva punkt ein bør ha med i vedtektene. Last ned gratis: Organisasjonshåndboka frå Frivillighet Norge Vedtektene bør til dømes innhalde punkt som namn på foreininga, formål, reglar for styresamansetjing, årsmøte, medlemskap, avvikling m.m. Det kan vere til hjelp å sjå på kva andre kunstlag har teke med i sine vedtekter:

Brønnøysundsregistrene har også laga eit eksempel på korleis stiftingsdokument og vedtekter for foreiningar kan sjå ut. Desse kan de bruke som utgangspunkt for eigne vedtekter. I tillegg har UngOrg, Frivillighet Norge, LNU og Batteriet laga ein vedtektsgenerator som også kan vere til nytte.

Ver merksam på at det i oppløysingsparagrafen i vedtektene vere spesifisert at ein annan frivillig organisasjon eller stifting (og ikkje kommune) skal motta midlane ved ei eventuell oppløysing. Dette er viktig dersom ein frivillig organisasjon skal kunne søkje om momskompensasjon.

Dersom de vil stifte eit fylkeslag tilslutta Norske Kunstforeninger finst det eit sett med rettleiande vedtekter. Desse standard vedtektformuleringane skal leggjast til grunn for vedtektene til fylkeslaga. Eventuelle ynske om å avvike frå standardformuleringane må godkjennast av styret i Norske Kunstforeninger. Vedtektene kan lastast ned nedst på sida.

Råd om organisasjonsarbeid

Når foreininga er stifta er det naturleg nok fleire andre ting ein må ta stilling til. Eit nyttig hjelpemiddel er boka Styrearbeid – er det noen kunst? som Norske Kunstforeninger har gjeve ut for å styrke organisasjonsutviklinga. Handboka handlar om dei oppgåvene, pliktene og ansvaret du har som tillitsvald i ei kunstforeining.

Styrearbeid – er det noen kunst? kan kjøpast til 150,- kroner per stk. inkl. porto. Ved bestilling av 10 eller fleire, er prisen 100 kroner per stk. Prisen for personar/foreiningar som ikkje er medlemmer i Norske Kunstforeninger er 200 kroner. For bestilling send e-post til post@kunstforeninger.no, opplys om antal og post/faktureringsadresse.

Også Organisasjonshåndboka frå Frivillighet Norge inneheld heilt konkrete råd om korleis ein kan starte og drive ein liten frivillig organisasjon på best mogleg måte. Boka har mellom anna kapittel om økonomi, søknadsskriving, registrering i Brønnøysundregistrene, årsmøte, styre- og kommunikasjonsarbeid for nystarta foreiningar.

Meir informasjon: Handbøker i styre- og organisasjonsarbeid

Søk medlemskap i Norske Kunstforeninger

Når kunstforeininga er oppretta, kan ein søkje om medlemskap i Norske Kunstforeninger. Ein vil då få fordelen av å vere ein del av eit landsdekkjande nettverk, og vil kunne nyte godt av rådgjeving, stønadsordningar og kunne delta i kompetansehevande prosjekt.