Skip to content
Norske Kunstforeninger

- Det der kunne jeg gjøre like godt

Strandamalerne - Norges mest populære malerier 
Kunstnerkollektivet Alt Går Bra 
Museumsforlaget, 2024 

Tekst av Mari Mette Eriksen 

Lesetid: 04:22 min

Eit landskapsmåleri med fjord, fjell og ei lita raud stove med røyk frå pipa, måla på ei papplate og innramma på enkelt vis, utan tittel og med ukjent signatur. Kanskje har du eit slikt måleri stuva bort på loftet, eller mogleg du har sett eit når du har besøkt den gamle tanta di på sjukeheimen?  

Boka «Strandamalerne» tek for seg eit fascinerande fenomen i norsk (kunst)historie. Måleria har pryda tusenvis av norske heimar utan at nokon har tenkt særleg over historia bak. Inntil for nokre år sidan.  

Meir om det litt seinare. 

Kort fortalt var Strandamålarane ei gruppe bønder og fiskarar frå bygda Stranda i Lindås utanfor Bergen, som måla over ein halv million landskapsmåleri. Dei hadde den største produksjonen av måleri i etterkrigstida og fram til tidleg 70-tal. 

Dei utvikla effektive produksjonsmetodar, som karusellar, for å kunne måle svært raskt, og dei brukte alltid sjablongar og standardiserte motiv. Dette var rett og slett storstilt masseproduksjon. 

Måleria vart uhorveleg populære. Ikkje minst fordi dei var billige og enkle å få tak i. Alle slags salsmetodar vart brukte for å nå ut til det langstrakte landet vårt, enten det var emissærar, nærbutikkar eller lokale postbod som vidareformidla måleria. 

Det var kunstnarkollektivet «Alt går bra» i Bergen som løfta desse måleria fram i lyset da dei i 2020 hadde utstilling av ei mengde strandamåleri. Folk kom i hopetal, og utstillinga fekk også eit innslag i sjølvaste Norge Rundt. Dette var tydelegvis noko som trefte ein folkeleg nerve. 

Idéen om ei bok om «Strandamalerne» sprang ut av dette. Kunstnarkollektivet skriv sjølve i forordet at boka har som mål å "undersøke på hvilken måte Strandamalernes historie berører flere sentrale spørsmål i vår samtid". Det har dei lykkast med. 

Eit knippe kunstteoretikarar, kuratorar og skribentar er inviterte til å sjå Strandamålarane og måleria i nye perspektiv. Her blir det trekt kunnskapsrike trådar både til modernisme, nasjonalromantikk, sjølvlært kunst, anakronisme og motkultur.  

Forfattar Sandra Lillebø kan nemnast som ein av dei som skriv både personleg og opplysande i denne boka. For kva vil det seie å vere kunstnar? Lillebø ser til Margit Sandemo og Frid Ingulstad, båe forfattarar som selde i bøtter og spann, men som sleit med å bli anerkjente og godkjente. Dei skreiv for lesarane sine og ville tene pengar, nett slik Strandamålarane gjorde. Men dei kalla seg aldri kunstnarar. Målinga var rein attåtnæring for å få kvardagen til å gå i hop økonomisk. Og som Lillebø så godt konstaterer: «En person som ikke pretenderer å være kunstner, kan heller ikke være en mislykket kunstner.» 

Det er vel akkurat dette Bjarne Holsen, som var ein av målarane, sjølv er inne på i dette sitatet: «I Selbu strikker de votter, i Budal fremstiller de stoler, her i Lindås maler vi bilder, annerledes er det ikkje». 

På denne måten fjernar han seg sjølv frå det kunstnariske, det opphøgde. Likevel er det i spennet mellom høgkultur og lågkultur boka blir ekstra interessant. Brorparten av artiklane pensar over til dette temaet, på ulikt vis. Kven sit med definisjonsmakta når det gjeld kunst? 

Det er verdt å merke seg at i samtida vart ikkje Strandamålarane anerkjente på noko vis. I ein artikkel i Dagbladet frå 1956 blir dei regelrett slakta og karakteriserte som «et sentrum for prostitusjonen av alt som har med malerkunst å gjøre.»  

Litteratur- og kunstkritikar Susanne Christensen tek for seg temaet masseproduksjon og dreg samtidig linene til den ikoniske Mona Lisa. Eit kunstverk som har vore gjenstand for ein langvarig kanoniseringsprosess, der kunstinstitusjonar, kritikarar og forskarar har stått bak.  

Det gjeld ikkje våre Strandamålarar. 
 
Kvifor er det slik, spør ho? Er det «simpelthen fordi det ikke er god kunst, vil kanskje kunsthistorikerne mene». Christensen påstår deretter at Strandamålarane er «et interessant massekulturelt fenomen som kaller på forsking.» 

Ein kan lese denne boka som eit oppspel til akkurat det, men kanskje treng det ikkje vere meir? 300 sider, fylt med ulike perspektiv, kopla til kjente namn som Bourdieu, Marx og Adorno og mange fleire teoretikarar, er dekkjande. Her får lesaren ein miks av nasjonal og internasjonal kunst- og kulturhistorie som står trygt i seg sjølv. 

Boka er rikt illustrert. Bilete av måleria er gjennomgåande, og det gjer at lesaren blir påmint om at det er desse enkle naturmotiva det heile handlar om.  

Gamle fotografi frå kvardagslivet til Strandamålarane blir også gode historieforteljingar. På ein stillferdig måte står dei i kontrast til dei langt meir akademiske tekstene i boka: 

"Fra sin situerte posisjon i periferien utfordret Strandamalerne flere av kunstfeltets modernistiske konvensjoner i samtiden: den autonome kunstnernes individuelle geni, det unike kunstverkets suverenitet, den uopphørlige progresjonens ideal og kvalitetskriterier som fremmet stille kontemplasjon fremfor hverdagsstuens distraherte oppmerksomhet." 

Men tru kva arbeidarane frå den vesle Vestlandsbygda hadde sagt til at dei vart omtala på denne måten?  

Noko av det fine er at boka blir avslutta med eit intervju med den einaste gjenlevande målaren, Jan Holsen (95 år). Samtala over kaffikoppen i heimen hans gir ein personleg tøtsj som avrundar det heile.  

*Overskrifta på denne artikkelen er eit sitat som eine opphavsmannen til Strandamålarane skal ha sagt da han såg eit måleri på ein hybel i hovudstaden: «Det der kunne jeg gjøre like godt.» Han vart dermed utfordra til å måle, tok penselen fatt og laga sitt første måleri. Det fekk han selt umiddelbart. Resten er historie. 

Artikkelen ble første gang publisert i Kunst Pluss 1 2025
Bestill Kunst Pluss fra www.Tekstallmenningen.no

Se utgaver her